Dániel Kővágó

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dániel Kővágó
ESC2013 - Hungary 02 (crop).jpg
Fødd20. august 1990
FødestadBudapest
OpphavUngarn
Instrumentgitar
Verka somgitarist
ByeAlex (t.v.) og Dániel Kővágó (t.h.) under Eurovision Song Contest 2013.

Dániel Kővágó (fødd 20. august 1990) er ein ungarsk gitarist.

A Dal 2013[endre | endre wikiteksten]

Den ungarske songaren ByeAlex sendte inn den ungarskspråklege songen «Kedvesem» til Médiaszolgáltatás-támogató és Vagyonkezelő Alap (MTVA) og vart valt ut til å delta i A Dal 2013, den ungarske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013. Kővágó var med som gitarist og bakgrunnsvokalist. Bidraget deltok i den andre kvartfinalen, gjekk vidare til den andre semifinalen og gjekk til slutt vidare til finalen. I finalen vann bidraget telefonrøystinga og fekk representere Ungarn.

Eurovision Song Contest 2013[endre | endre wikiteksten]

I Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige deltok dei med ein remiks av songen med tittelen «Kedvesem (Zoohacker Remix)». Saman med Mónika Hoffmann hadde dei òg skrive eit refreng på svensk, men fekk ikkje framføre dette i tevlinga av di tidsfristen gjekk ut før den nye teksten var klår. Ungarn deltok i den andre semifinalen 16. mai 2013 og enda på åttandeplass med 66 poeng; tolv frå Sveits, ti frå Tyskland, åtte frå Finland, sju frå Albania, seks frå Belgia og Romania, fire frå San Marino, tre frå Israel, Georgia og Frankrike og to frå Latvia og Noreg. Landet kvalifiserte seg dimed til finalen 18. mai 2013 der dei enda på tiandeplass med 84 poeng; tolv frå Tyskland, ti frå Finland og Sveits, åtte frå Albania, sju frå Nederland, seks frå San Marino og Bulgaria, fem frå Litauen, fire frå Estland og Kroatia, tre frå Sverige og Italia og to frå Hellas, Noreg og Serbia. Dette var den tredje beste plasseringa til eit ungarsk bidrag og Kedvesem vart dimed eit av dei mest suksessfulle ungarske bidraga fram til 2013.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]