Frøydis Armand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frøydis Armand
Fødd9. april 1949
FødestadNoreg
Død11. oktober 2022 (73 år)
Verka somteaterskodespelar, dokkespelar, filmskodespelar
MorElisabeth Armand
FarEilif Armand
EktefelleHelge Jordal
BornMatias Armand Jordal
PrisarPer Aabels ærespris

Frøydis Armand (9. april 194911. oktober 2022) var ein norsk skodespelar. Ho var dotter av skodespelaren Eilif Armand og syster av skodespelarane Merete Armand og Gisken Armand. Armand var tidlegare gift med skodespelaren Helge Jordal, og var mor til Matias Armand Jordal og Marte Armand Remlov og Eilif Armand Evje.

Kunstnerisk virke[endre | endre wikiteksten]

Teater[endre | endre wikiteksten]

Armand debuterte ved Nationaltheatret som Regine i Gengangere i 1972. Ho har sidan vore tilsett ved teateret og spelt eit femtitals roller, blant andre Lucy Brown i Tolvskillingsoperaen, Desdemona i Othello, Mary Cavan Tyrone i Lang dags ferd mot natt, Den eldre kvinna i Dødsvariasjoner, den kvinnelege hovudrolla i Kirsebærhaven, forteljaren i Nattergalen og mora i Blodbryllup. På Torshovteatret har ho blant anna spelt Marie i Woyzeck.

Ho har tolka fleire Ibsen-roller, som Bolette i Fruen fra Havet, Hedda i Hedda Gabler, Nora og fru Linde i Et Dukkehjem, Hjørdis i Hærmennene på Helgeland, Gina Ekdal i Vildanden, Rottejomfruen i Vesle Eyolf, Madame Helseth i Rosmersholm og Gunhild Borkman i John Gabriel Borkman.

Dukketeater[endre | endre wikiteksten]

Armand har òg vore dokkespelar. I 1968 medverka ho i oppsetninga av Mikko Matti og vennene hans, som Julian Strøm og Birgit Strøm var ansvarlege for. På scena medverka òg Kjell Kjær og Elisabeth Strøm Henriksen.[1]

Film og fjernsyn[endre | endre wikiteksten]

Armand har spelt i ei rekkje filmar, mellom anna Hustruer I, II og III. Ho har hatt ei gjesterolle i komiserien Mot i brøstet og spelt i mini-TV-serien Berlinerpoplene. I 2009 byrja ho i Hotel Cæsar i rolla som Dagny Dallimore.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Armand har vorte heidra med Gösta Ekmans minnespris og Per Aabels ærespris.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album
Deltar på

Filmografi (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • 1974 - Mors hus
  • 1975 – Hustruer
  • 1980 – Nedtur
  • 1981 – Saken Ruth Wang
  • 1985 – Hustruer – ti år etter
  • 1985 – Øye for øye
  • 1989 – Bryllupsfesten
  • 1995 – Noe beroligende
  • 1996 – Hustruer III
  • 1998 – Ole Aleksander Filibom-bom-bom
  • 2000 – Aberdeen
  • 2009 – Hotel Cæsar

Frøydis Armand har òg spelt Nissekusine i Amalies jul og i Jul på Månetoppen.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Dukketeaterkongress på Frogner i helgen» (på norsk). 25. oktober 1968. Henta 12. november 2017. 
  2. Medietilsynet Filmdatabase – Frøydis Armand

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]