Helge Løvland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Helge Løvland


Løvland i diskosringen under Sommar-OL 1920.

Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. mai 1890
Froland kommune
Død

26. april 1984 (93 år)
Oslo

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1920

Utmerkingar

Egebergs Ærespris, Kongepokal, Kongepokal

Helge Andreas Løvland (11. mai 189026. april 1984) var ein norsk friidrettsutøvar og turnar frå Froland i Aust-Agder. Han vann gullmedaljen i tikampen og kom på femteplass i femkamp under Sommar-OL 1920 i Antwerpen. Løvland vann 11 norske meisterskapstitlar og vart tildelt kongepokalen både i 1918 og 1919. Statsminister Jørgen Løvland var farbror hans.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Løvland var son til ein lærar, kyrkjesongar og gardbrukar i Froland. Sjølv flytta til Kristiania for å gå gymnas, og seinare utdanne seg til offiser. I hovudstaden byrja han å drive med idrett og melde seg inn i IF Ørnulf. Frå 1914 sanka han seg NM-medaljar i friidrettsøvingar som 110 meter hekk, lengdehopp og diskoskasting. I 1918 vart han tildelt kongepokalen for sitt hekkeløp. Året etter vann han fire NM-gull, og fekk som den fyrste utøvaren kongepokal to år på rad. Same året, 1919, vart han tildelt Egebergs Ærespris for sine bragder i friidrett og turn.

Løvland vert framom alt hugsa for tikamp-tevlinga under Sommar-OL 1920 i Antwerpen. Halvvegs i tikampen låg han på fjerdeplass, Brutus Hamilton frå USA var i teten. Etter eit strålande hekkeløp og den etterfylgjande diskoskastinga gjekk Løvland opp i leiinga, før Hamilton vann stavhopp og på ny tok teten. Han beheldt leiinga «da Løvland mislyktes i en av sine spesialøvelser – spydkast». I den tiande og avsluttande øvinga 1500 meter måtte Løvland slå Hamilton med ni sekundar. Han sprang 9,4 sekundar fortare enn US-amerikanaren, og var dermed olympisk meister. Tidlegare i sommarleikane vart Løvland femtemann i femkampen.

Løvland var idrettsinspektør frå 1921 til 1930, deretter generalsekretær i Norges Landsforbund for Idrett og Norges olympiske komité fram til 1940. Under andre verdskrigen sat han fengsla frå 1943 i dei tyske fangeleirane Schildberg og Luckenwalde. Han var sidan idrettskonsulent i Hæren, og frå 1948 til 1955 formann i Forsvarets idrettsråd.

Løvland, som i 1916 var med å stifte Froland Idrettslag, vart av Froland kommune og private sponsorar heidra med eit minnesmerke, avduka i Froland 9. juni 2001.

Medaljar i norske meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1914: Gullmedalje på 110 m hekk og bronsemedalje i lengdehopp
  • 1917: Gullmedalje på 110 m hekk og sølvmedalje i diskos
  • 1918: Gullmedaljar på 110 m hekk og i femkamp, sølvmedalje i diskos
  • 1919: Gullmedaljar på 110 m hekk, lengdehopp, femkamp og tikamp, samt sølvmedalje i diskos
  • 1920: Gullmedaljar på 110 m hekk, diskos og tikamp

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Magnus Breili: Sportsguiden. Oslo, 1966.