Helge Stalsberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Helge Stalsberg (fødd 7. oktober 1932 i Oslo) er ein norsk lege, professor i medisin og tidlegare rektor ved Universitetet i Tromsø.

Stalsberg var overlege ved Patologisk-anatomisk laboratorium ved Regionsjukehuset i Tromsø (no UNN). Han var og professor i medisin (morfologi) ved Universitetet i Tromsø frå 1972. Han vart valt til rektor ved universitetet i 1981, og satt i stillinga til 1985. Han har vore konsulent for Verdas Helseorganisasjonen (WHO) i fagfeltet brystkjertelkreft.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Fulsås, Narve 1993: Universitetet i Tromsø 25 år. Tromsø: Universitetet i Tromsø
  • Wikipedia på bokmål.