Tove Bull

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tove Bull
Fødd 31. oktober 1945
Alta

Tove Bull (fødd 31. oktober 1945 i Alta) er ein norsk språkforskar. Ho var rektor ved Universitetet i Tromsø mellom 1996 og 2001. Frå 1984 var ho førsteamanuensis i nordisk språkvitskap, og sidan 1990 har ho vore professor ved Det humanistiske fakultet ved Institutt for nordisk språk og litteratur. Som forskar har Bull vore særleg oppteken av leseopplæring og språkkontakt.

Tove Bull var medlem av Norsk språkråd mellom 1980 og 1995. Ho var ekstern medlem av styret for Høgskolen i Finnmark 2003-07, og ekstern medlem av styret for Samisk høgskole (Sámi allaskuvla) 2007-2015. I 2006 vart ho utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]