Helgebustad
Utsjånad
| Helgebustad | |
|---|---|
| Geografi | |
| Stad | Hitra |
| Koordinatar | 63°34′26″N 08°33′52″E / 63.57389°N 8.56444°E |
| Høgaste punkt | Kjempevarden (74 moh.) |
| Administrasjon | |
| Land | |
| Fylke | Trøndelag |
Helgebostad er ei øy som ligg nordvest for Hitra i Trøndelag. Øya deler Straumsfjorden, som vert kalla Hestnessundet nord for øya og Håvikstraumen sør for øya.
Lenge såg øya ut til å verte fråflytta sjølv om det berre skilde nokre få meter til fast-Hitra ved sørenden av øya. Ein gammal kran frå det nedlagde Trondheim Mekaniske Verksted vart ombygd til vegbru og øya fekk vegsamband til Hitra i 1983.
På slutten av 1800-talet jakta baron von Leverkusen hjort på Helgebostad,[1] og fekk mellom anna oppført eit jaktslott, som står den dag i dag.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «P L A N F O R K U LT U R M I N N E R 2020 – 2023» (PDF). hitra.kommune.no.
- ↑ «Om oss», Hitra Gårdsmat (på norsk bokmål), henta 17. februar 2024