Helgelandsbrua
Helgelandsbrua sett frå sør | |
Type | skråkabelbru, vegbru |
---|---|
Stad | Mellom Alstahuag og Leirfjord |
Opna | Juli 1991 |
Strekning | Fylkesveg 17 |
Lengd | 1 065 meter |
Høgd | 138 m |
Fri høgd | 45 |
Største spenn | 425 |
Breidd | 12 meter |
Kryssar | Leirfjorden |
Materiale | betong |
Utforming | Skråstagbru |
Transporterer | Fylkesveg 17 |
Vedlikehalden av | Statens vegvesen |
![]() Helgelandsbrua |
Helgelandsbrua er ei 1065 meter lang skråstagbru som knyter saman kommunane Alstahaug og Leirfjord i Nordland. Brua kryssar Leirfjorden mellom fastlandet og øya Alsten og er ein del av Fylkesveg 17.
Helgelandsbrua vart opna i juli 1991 og var bomveg til ho var nedbetalt 27. mai 2005.[1]
Konstruksjonen[endre | endre wikiteksten]
Brua har i alt 12 spenn; hovudspennet er på 425 m. Seglingshøgda er 45 m.
Brua er ei rein betongbru. Alle pilarane er bygde med klatreforskaling.
Brubanen er slank i horisontalplanet, berre 40cm i tjukna på midten og 1,2m i ytterkantene. For kvart kabelfeste går det i tillegg bjelkar på tvers under brubanen.
Kablane er festa til ytterkanten av brubanen. Forankringane til kablane ligg i eit prefabrikert element som igjen er støypt inn i betongen på undersida av overbygningen.
Hovudtårna er 138 m og 127 m høge frå havoverflata og til toppen. I tillegg er det nordlegaste tårnet fundamentert ned til ei djupn på 30 m under havoverflata.
Tårna er 6m brei sett frå sida av brua og 2,2 m på det smalaste, sett på tvers av brua.
Brua fekk 1994 utmerkinga «FIP - outstanding structures».
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Henry Klæboe (14. mars 2005). «Gratis bru fra 27. mai». Helgelands Blad. Arkivert frå originalen 2005-04-05. Henta 3. mai 2018.