Heli Jukkola

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Heli Jukkola


Statsborgarskap Finland
Fødd 26. november 1979 (44 år)
Norrmark
Idrett orientering

Heli Jukkola (fødd 26. november 1979) er ein finsk tidlegare orienteringsløpar frå Noormarkku. Ho vann tre VM-gull, to EM-gull og vart i 2005 nordisk meister i stafett.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Jukkola var bronsemedaljør på mellomdistansen i VM 2003 og VM 2004. I 2005 bidrog ho til at Rastikarhut-laget kom på andreplass i Venla-stafetten. Seinare i sesongen sprang ho inn til sølvmedalje på den klassiske distansen då Japan var vert for verdsmeisterskapen i orientering. Saman med Paula Haapakoski og særleg ankerkvinne Minna Kauppi utgjorde ho eit sterkt finsk stafettlag, ein trio som vann VM-stafetten både i 2006 og 2007. Under verdsmeisterskapen 2007 ved Kyiv delte elles Jukkola og Kauppi sigeren på den klassiske distansen, halvtanna minutt føre legendariske Simone Niggli-Luder på tredjeplass.

I europameisterskap i orientering tok Jukkola fem medaljar fordelt på to meisterskap. I Otepää i 2006 vann ho stafettgull, saman med Haapakoski og Kauppi, sølvmedalje på klassiskdistansen og bronsemedalje på mellomdistansen. Sommaren 2008 sprang Jukkola inn til triumf på mellomdistansen i Ventspils, landskvinnene Merja Rantanen og Minna Kauppi syrgde for at alle medaljane for til Finland. På kortdistansen i Latvia vart Jukkola nummer 2, norske Anne Margrethe Hausken vart nummer 1.

Medaljar og plasseringar i verdsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM 2003: Bronsemedalje på mellomdistansen
  • VM 2004: Bronse på mellomdistansen, sølv i stafett
  • VM 2005: Sølvmedalje på klassiskdistansen
  • VM 2006: Gull i stafett, nr 4 på klassiskdistansen
  • VM 2007: Gull på klassiskdistanse, sølv på mellomdistanse, gull i stafett
  • VM 2008: Nr 5 på kortdistansen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Heli Jukkola