Simone Niggli-Luder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Simone Niggli-Luder


Statsborgarskap Sveits
Fødd 9. januar 1978 (46 år)
Burgdorf i Bern
Idrett orientering
Utmerkingar

Årets idrettsutøvar i Sveits, Årets idrettsutøvar i Sveits, Årets idrettsutøvar i Sveits

Simone Niggli-Luder (fødd 9. januar 1978) er ein sveitsisk tidlegare orienteringsløpar frå Burgdorf i Bern. Ho er den mestvinnande orienteringsløparen, perioden 2001–2003 sanka ho heile 23 gullmedaljar i verdsmeisterskap i orientering. Ho la opp etter 2013-sesongen, då ho sikra seg sigeren i verdscupen i orientering for niande gong.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Simone Luder, gift Niggli-Luder, vart i 2001–2013 verdsmeister sju gongar i klassisk løype og like mange gongar i kort løype, og fem gongar i mellomlang løype. Ved fire høve sprang ho Sveits inn til VM-gull i stafett.

Ho gjekk til topps i verdscupen i orientering åra 2002, 2004–2007, 2009–2010 og 2012–2013. År 2000 kom ho på andreplassen i turneringa.

Simone Niggli-Luder sanka til saman ti gullmedaljar i europameisterskap i orientering, og ho vann begge distansane under Nordisk meisterskap 2007 på Bornholm.

Medaljar og plasseringar i verdsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM 2001: Gull i klassisk løype, bronse i kort i løype
  • VM 2003: Gull i klassisk, mellom og kort løype, samt stafett
  • VM 2004: Gull i kort løype
  • VM 2005: Gull i klassisk, mellom og kort løype, samt stafett
  • VM 2006: Gull i klassisk og mellom-løype, sølv i kort løype, bronse i stafett
  • VM 2007: Gull i mellom og kort løype, bronse i klassisk løype
  • VM 2009: Gull i klassisk løype, bronse i mellom og kort løype
  • VM 2010: Gull i klassisk og kort løype, sølv i mellom-løype
  • VM 2012: Gull i klassisk og kort løype, samt stafett
  • VM 2013: Gull i klassisk, mellom og kort løype, bronse i stafett

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Simone Niggli-Luder