Helicobacter pylori

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Helicobacter pylori
Helicobacter pylori
Helicobacter pylori
Systematikk
Underrike: Negibacteria
Rekkje: Proteobacteria
Klasse: Epsilonproteobacteria
Orden: Campylobacterales
Familie: Helicobacteracae Helicobacteraceae
Slekt: Helicobacter
Art: H. pylori
Vitskapleg namn
Helicobacter pylori

Helicobacter pylori, tidlegare kalla Campylobacter pylori, er ein gram-negativ, mikroaerofil bakterie som infiserer slimhinna i magesekken hos menneske. Infeksjonen kan føra til mange former for peptiske magesår og nokre former for gastritt, sjølv om dei fleste som blir infisert aldri får symptom på nokon av desse.

Elektronmikrografi av Helicobacter pylori med fleire synlege flagellar.

Bakterien held berre til i menneskemagar, og er ein av få kjende organismar som kan overleva i eit så surt miljø. Han er forma som ein heliks, derav namnet Helicobacter («spiralbakterie»), og kan bokstaveleg talt skru seg inn i slimlaget for å danna koloniar.

Det var i 1982 at dei australske legane Robin Warren og Barry Marshall oppdaga bakterien og samanhengen hans med sjukdom. Den gong trudde ein ikkje at bakteriar tolte å leve i det syrlege miljøet i magesekken. Warren og Marshal mottok i 2005 nobelprisen i medisin for oppdaginga.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]