Helikopterulukka i Alden 1990

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Helikopterulukka i Alden 1990
Dato 3. oktober 1990
Ulukkesstad Alden i Askvoll i Sogn og Fjordane i Noreg
Passasjerar 1
Mannskap 4
Omkomne 5
Tok av frå Gullfaks B

Helikopterulukka i Alden 1990 fann stad 3. oktober 1990, då eit redningshelikopter av typen Bell 214ST rende i fjellveggen på sørvestsida av Alden i Askvoll i Sogn og Fjordane. Helikopteret tok av frå Gullfaks B og skulle delta i søket etter taretrålaren «Noralg» som hadde gått ned ved Geita fyrstasjon, då flygaren tok feil av høgda og rende i fjellveggen. Høgda på kartet flygaren hadde vart oppgitt i meter, medan han trudde det var fot.

Fem personar omkom i ulukka. Fire av dei var mannskap i helikopteret og éin var sjukepleiar. Mannskapet på trålaren omkom i forliset.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]