Gullfaks C
Utsjånad
Gullfaks C er ei oljeplattform på Gullfaksfeltet i Nordsjøen. Understellet til plattforma vart bygd av Norwegian Contractors, med Condeep understell av betong. Plattformdekket vart bygd ved Aker Stord. Då plattforma vart taua ut på feltet, var det den tyngste strukturen i verda som hadde vorte flytta på. Plattforma vart sett ned på 216 meters havdjupne. Produksjonsstart var den 4. november 1989. Gullfaks C er ei kombinert bore- produksjons- og bustadplattform, ei integrert oljeplattform. Frå juni 1994 har Gullfaks C motteke og handsama petroleum frå Tordisfeltet. Statoil er operatør for heile Gullfaksfeltet.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Et minisamfunn i Nordsjøen NRK- fjernsynsprogram om livet på Gullfaks C
- Olje- og energidepartementet: Fakta norsk petroleumsverksemd 2005. Nettversjon
- Gullfaksområdet på http://www.statoil.com
- Gullfaksfeltet Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine. - Petroleumskartet, Norsk Oljemuseum
- Gullfaks C på http://de.structurae.de