Helmstedt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Helmstedt
by
Land  Tyskland
Stat Niedersachsen
Areal 66,74 km²
Folketal 25 779 (31. desember 2022)
Kart
Helmstedt
52°13′41″N 11°00′38″E / 52.228055555556°N 11.010555555556°E / 52.228055555556; 11.010555555556
Wikimedia Commons: Helmstedt

Helmstedt er ein by og ein kommune aust i forbundslandet Niedersachsen i Tyskland, så å seie på grensa mot Sachsen-Anhalt. Kommunen omfattar 66,7 km² og har kringom 26 000 ibuarar. Byen hyser administrasjonen for Landkreis Helmstedt.

Helmstedt fekk bystatus i 1247. I 1576 vart eit universitet etablert, dette var ein sentral lærestad til dess Jérôme Bonaparte i eigenskap av konge over Westfalen stengte det. Frå 1948 til 1990 var Helmstedt ein viktig grenseby mellom Vest-Tyskland og Aust-Tyskland. Både hovudtoglinja og hovudvegen mellom Vest-Tyskland og Berlin gjennom Aust-Tyskland starta i Helmstedt (Checkpoint Alpha). Militær trafikk frå NATO-land til Vest-Berlin kunne ikkje bruke andre ruter enn denne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Helmstedt