Helsingfors–Tallinn-tunellen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Oversyn over ei jarnbane i tunnel mellom Helsinki (Helsingfors) og Tallinn som kunne knytast til jarnbanen Rail Baltica.

Helsingfors–Tallinn-tunellen er eit førebels namn på ein tunell for jarnbane som det er gjort framlegg om å byggje under Finskebukta for å knyte den finske hovudstaden Helsingfors (Helsinki) til den estiske hovudstaden Tallinn.[1]

Lengda på den undersjøiske tunellen vil verte mellom 60 og 80 km, avhengig av kva for trasé som vert valt, og vil verte den lengste undersjøiske tunnelen i verda. Prosjektet vert drive fram av ordførarane i Tallinn og Helsingfors, høvesvis Edgar Savisaar og Jussi Pajunen. Begge byane har lova 100 000 til førebuande undersøkingar, sjølv om dei relevante styresmaktene i dei to landa ikkje har godteke å bidra med noka form for finansiering. Det er planlagt å sende ein søknad til EU for å skaffe dei resterande naudsynte midlane for ei grundigare kartlegging, som ein reknar med vil kome på mellom 500 000 og 800 000 euro.[2]. 13. januar 2009 skreiv avisene om at søknaden til EU gjennom Interreg, eit program for å stimulere interregionalt samarbeid, hadde vorte avslått. Ein ekspert ved utanriksdepartementet i Helsingfors meinte at grunnen til avslaget kan ha vore politisk spenning i Estland mellom den nasjonale administrasjonen og byen Tallinn, som vert kontrollerte av rivaliserande politiske grupper. Uansett seier båe byane at dei vurderer å dekkje kostnadene til ei forundersøking sjølve.[3]

Kostnaden med å byggje sjølve tunnelen varierer, frå om lag éin milliard euro for ein tunnel berre for godstog, til mange milliardar euro dersom passasjerar skal kunne reise gjennom han. Det er tenkt at dei økonomiske fordelane vil vere store, både ved auka samarbeid og økonomisk integrasjon mellom dei to byane (København og Malmö har vore brukte som døme), og i eit breiare perspektiv grunna gode passasjerreiser mellom det sørlege Finland og dei baltiske statane. I tillegg har har det vorte trekt fram som positivt å etablere eit fast samband for godstrafikk mellom Finland og jernbaneprosjektet Rail Baltica, som vil binde Baltikum saman med Polen, Tyskland og resten av Europa.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Nettstader[endre | endre wikiteksten]

Studium[endre | endre wikiteksten]