Undersjøisk tunnel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Skisse som syner eit tverrsnitt av den undersjøiske veg- og jarnbanetunnelen på Øresundsambandet Havbotn er markert med oransje farge, betongen i tunnelkonstruksjonen med grått, eit steinlag som ligg oppå betongkonstruksjonen for å verne han og hindra at han flyt opp, er merka med ljost grått, og sjøvatnet opp til havoverflata er merka med blått.

Undersjøisk tunnel er ein tunnel for bil- eller jarnbanetrafikk som går under eit sund, ei elv eller ein innsjø. Nemninga undersjøisk tunnel vert i somme høve òg nytta av tunnelar som på det djupaste ligg under nivået for havoverflata jamvel om heile tunnelen ligg i landfast grunn. Eit av momenta som taler for undersjøisk tunnel i staden for bru, er at terrenget i området ville gjere at ei bru ville måtte byggjast særs høg av omsyn til skipsleia som brua kryssar. Kostnadene er soleis ofte avgjerande for om det vert bygd bru eller tunnel. Somme stader vert bru og tunnel kombinert av omsyn til skipstrafikken, som til dømes på Øresundsambandet mellom Amager i Danmark og Malmø (Limhamn) i Sverige, der strekninga mellom Amagar og ei kustig øy, Peberholm, ligg i tunnel og resten på bru.

Vanlegvis vert undersjøiske tunnelar bygd der det er berggrunn, og tunnelen vert bora eller sprengd ut på same vis som fjelltunnelar på land vert bygde. Der vatnet ikkje er djupt og botntilhøva egnar seg, kan tunnelen byggjast i tørrdokk på land som seksjonar av store metallrøyr eller betongelement som slepast til staden og senkast ned i ei utgravd renne på botnen, der dei vert sette vasstett saman og halde ned med ballast av stein eller betong. Slike undersjøiske tunnelar vert vanlegvis kalla senketunnelar. Tunnelen under vatnet i Bjørvika i Oslo frå 2010 vart såleis laga av betongelement på dette viset, bygd i ei tørrdokk på Hanøytangen på Askøy ved Bergen og slept kring kysten til Bjørvika.

Vatn som sig inn i undersjøiske tunnelar vert pumpa ut. Av omsyn til tryggleiken, er det laga til store basseng på den lågaste staden som kan samle opp store mengder vatn dersom pumpene stoggar av straummangel eller andre årsaker, slik at det ikkje skal vere fare for at trafikantane i tunnelen vert hindra eller skada.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]