Henrik Jonsson Remmen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Henrik Jonsson Remmen
Fødd1771
Vestnes
Død7. november 1841 (70 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1824–1826)
  • ordførar i Vestnes (1837–1841)
  • vararepresentant til Stortinget (1833–1835)
  • vararepresentant til Stortinget (1836–1838) Sjå dette på Wikidata

Henrik Jonsson Remmen (17717. november 1841) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Romsdals amt.

Remmen var fødd i Veøy prestegjeld. I fylgje folketeljinga 1801 var han «national soldat» og budde då på Øvstedal i Tresfjord sokn av Vestnes. Noko etter kjøpte han seg gard på Remmen i Vestnes og dreiv denne.

Remmen var 3. representant frå Romsdals amt på Stortinget i 1824. Han var medlem av komiteen om handel og næringsfridom. Ved stortingsvalet 1833 var han 1. varamann og i 1836 3. varamann til Stortinget. I 1838 vart han vald til den fyrste ordføraren i Vestnes herad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Kyrkjebok for Vestnes, i Digitalarkivet