Henrik Tillisch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Henrik Tillisch
Fødd 27. februar 1788
Død

21. juni 1860

Yrke politikar

Henrik Vilhelm Tillisch (27. februar 178821. juni 1860) var ein norsk overførster og magasinforvaltar ved Kongsberg sølvverk, og stortingsrepresentant.

Tillisch var fødd i Trondheim, faren var offiser. Han voks for ein stor del opp i Holsten, der han vart forstkandidat og i 1810 forst- og jaktjunker. Same året kom han til Noreg att, vart i 1813 kasserar for Kongsberg fattigvesen. År 1816 vart han overførster ved sølvverket på Kongsberg, frå 1827 også magasinforvaltar.

Tillisch representerte Kongsberg på Stortinget 1833, der han var medlem av næringskomiteen og komiteen om kjøpstadskatten.

Tillisch trekte seg frå stillingane sine i 1858, og døydde på Kongsberg to år seinare.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914