Hopp til innhald

Herborg Bryn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Herborg Bryn
StatsborgarskapNoreg
Fødd3. september 1957 (68 år)
Voss herad Sjå dette på Wikidata
Yrkejournalist, radioprogramleiar, kommunikasjonssjef, kanalsjef
EktefelleIngolf Håkon Teigene, Tom Remlov Sjå dette på Wikidata

Herborg Bryn (fødd 3. september 1957) er ein norsk journalist frå Voss.

Ho utdanna seg i journalistikk ved Høgskulen i Volda (1980).[1] Sidan vart ho engasjert i NRK (1983), fyrst som leiar av Ungdommens radioavis, seinare som programleiar i P2, radioprogrammet Her og nå og andre nyhendeprogram. Ho var kommunikasjonssjef i Raude Kors 1998-2005, kanalsjef i P2 2005-09 og vart kommunikasjonsdirektør i Den norske legeforening i 2009.

I 2013 byrja ho som kommunikasjonsdirektør i Statistisk sentralbyrå.[2]

Bryn er syster til NRK-journalisten Ingvild Bryn og var gift med NRK-journalisten Ingolf Håkon Teigene fram til 1998.[3] Ho vart seinare gift med Tom Remlov.[4]