Ingvild Bryn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ingvild Bryn
Fødd 18. mars 1961 (56 år)
Noreg Voss
Yrke Journalist og programleiar (TV)

Ingvild Bryn (fødd 18. mars 1961) er ein norsk journalist og programleiar frå Voss. Ho er særleg kjend som nyheitsanker i Dagsrevyen i NRK. Saman med Morten Harket var ho programleiar for Eurovision Song Contest 1996.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Ingvild Bryn jobba i lokalavisa Horda Tidend eitt år etter Voss gymnas. Ho er cand.mag. med nordisk grunnfag, media og kommunikasjon ved Høgskulen i Volda og statsvitskap ved Universitetet i Oslo.

Bryn byrja i NRK i 1984. Ho arbeidde først eitt år i NRK Hordaland, deretter i NRK Dagsnytt radio, og i 1990–1992 var ho korrespondent i Stockholm. Ho vart programleiar i Dagsrevyen i 1992. Mellom 1995 og 1999 var ho korrespondent i USA. Ho har hatt ei rekkje ulike oppdrag for NRK. Saman med Morten Harket var ho programleiar for Eurovision Song Contest 1996.

Ho var styreleiar for Mediemållaget i 1988–1990 og styremedlem i 2004–2010. I tillegg sit ho i styret for adopsjon- og fadderskapsforeininga Verdens Barn.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]