Herman Aarsrud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Herman Aarsrud
Fødd 14. juli 1837
Død

14. februar 1927

Yrke politikar, bonde

Herman Hanssen Aarsrud (14. juli 183714. februar 1927) var ein norsk lærar, gardbrukar og stortingsmann frå Løten i Hedmark. Han representerte Venstre.

Aarsrud var son til ein gardbrukar. Han vart dimittert frå Asker seminar i 1861 og var 1862-69 lærar i Våler i Hedmark. Åra 1870-74 var han lærar ved Lillestrøm bruksskule. Sidan var han gardbrukar på Nordre Våler tilbake i Hedmark, og i 19 år styrar av Våler Handelsforretning.

Han var ordførar i Våler 1879-1904 og forlikskommissær 1883-1905. Vidare var han amtsrevisor 1885-1902 og medlem av amtsutvalet 1889-1903.

Aarsrud var 1. varamann til Stortinget for Hedemarkens amt 1889-91. Etter Eivind Torp døydde møtte han i 1891-sesjonen. Dei tre neste stortingsperiodane var han fast representant frå amtet. Han var medlem av jarnbanekoimteen 1891-1894 og av justiskomiteen 1895-1900. I den siste valperioden var han sekretær for den sitstnemnde komiteen, då han òg var medlem av Lagtinget.

Aarsrud, som i lang tid skreiv seg for Herman Aars, men som i 1896 av høgsterett vart frådømt retten til å nytte namnet, døydde i Våler i 1927.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914