Herman Anker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Herman Anker

Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. juli 1839
Halden kommune
Død

9. august 1896 (57 år)

Yrke lærar
Far Peter Martin Anker
Ektefelle Marie Elisabeth Anker
Herman Anker på Commons

Herman Anker (fødd 1839 i Halden, død 1896) var ein norsk skulemann som saman med Olaus Arvesen grunnla Sagatun, den første norske folkehøgskolen, på Hamar i 1864. Han var cand.theol. frå 1863 og frå 1885 postmeister i Hamar.

Anker voks opp på Rød herregård som son av stortingsrepresentant Peter Martin Anker (1801–63) og bror av forretningsmannen Christian August Anker. Han var gift med danskfødde Marie Elisabeth «Mix» Bojsen (1843-1892) og vart far til kvinnesaksforkjemparen Katti Anker Møller (1868–1945), forfattaren og journalisten Ella Anker (1870–1958), lege Peter Martin Anker (1872–1903) og overingeniør Nils Botvid Anker (1878–1943); og farfar til lege Herman Anker (1901–1970), ambassadør Peter Martin Anker (1903–1977) og tekstilkunstnar Synnøve Anker Aurdal (1908–2000).

Den 15. september 1901 vart det avduka ein bauta til minne om Mix og Herman Anker på framsida av Sagatun folkehøyskole.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]