Hopp til innhald

Katti Anker Møller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Katti Anker Møller

StatsborgarskapNoreg
Fødd23. oktober 1868
Hamar kommune
Død

20. august 1945 (76 år)
Torsnes kommune

Yrkeseksualpedagog, foredragsholder, kvinnesaksforkjemper, politikar, aktivist
Språknorsk
Medlem avNorsk Kvinnesaksforening
FarHerman Anker
MorMarie Elisabeth Anker
EktefelleKai Møller
Katti Anker Møller på Commons

Katti Anker Møller (23. oktober 1868–20. august 1945) var ein norsk kvinnesaksforkjempar som tok initiativ til ei rekke sosialpolitiske reformer. Særleg kjend vart ho for sin kamp for prevensjon, seksualopplysning og legalisering av abort. Ho var mor til Tove Mohr.

Liv og gjerning

[endre | endre wikiteksten]

Katti Anker vart fødd på Sagatun Folkehøyskole ved Hamar. Ho voks opp i eit miljø der grundtvigiansk kristendom, radikal venstrepolitikk, kvinnesak og folkeopplysning var ideala. I 1889 gifta ho seg med fetteren Kai Møller, godseigar på Thorsø i Østfold. 32 år gammal skreiv Katti Anker Møller artikkelen 'Ugifte mødre' i bladet «Nylænde», der ho gjekk inn for å betre vilkåra for såkalla uekte born. Svogeren Johan Castberg vart her ein viktig forbundsfelle i arbeidet for ei lovgjeving som ville styrke den rettslige stillinga til born fødd utanfor ekteskap, mellom anna ved å gje dei arverett til faren.

Møller hadde eit sjeldant breitt kontaktnett. Ho kjende mektige personar både innafor statsmaktene, borgarskapen, og i det offentlege liv i land som Tyskland, Storbritannia og USA. Samstundes fylgde ho nøye med kva som ovra seg i internasjonal kvinnerørsle og internasjonalt arbeid for seksualreform.

Norsk kvinnesaksrørsle var dei fyrste tiåra særleg opptekne av økonomiske og politiske rettar. Møller var derimot mest oppteken av morsarbeidet. Ho var medlem av det fyrste styret i Norske Kvinners Nasjonalråd, men trekte seg ut då ho ikkje fekk støtte for hjartesakene sine. Si fyrste sak, opprettinga av eit såkalla «mødrehjem» for ugifte mødrer i Kristiania i 1902, fekk Møller gjennomført saman med fråhaldsorganisasjonen Hvite Bånd.

I 1915, same året som barnelovene vart vedtekne på Stortinget, heldt Katti Anker Møller sitt mest kjende foredrag, 'Moderskapets frigjørelse'. Her tok ho opp krav om seksualopplysning og fritt tilgjenge til prevensjon og kom med framlegg om å oppheve §245 i straffelova.

Tre år etter oppretta Møller Mødrehygienekontoret i Kristiania, med støtte frå Arbeidarpartiet sitt kvinneutval, eit kontor ho sjølv var formann for i to år. På Mødrehygienekontoret kunne kvinner lære om barneavgrensing, spedbarnstell og ernæring, kjøpe rimeleg spedbarnsutstyr og kjøpe eller få preventive midlar. År 1926 tok Oslo Arbeiderparti over drifta av Mødrehygienekontoret og Katti Anker Møller trekte seg tilbake frå det offentlege liv. Ho døydde på Thorsø-godset i 1945.