Herman Friele (1763-1843)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Herman Friele
Fødd 23. november 1763
Død

16. august 1843 (79 år)

Yrke handelsmannn

Herman Friele (23. november 176316. august 1843) var ein norsk kaptein og kjøpmann som i 1799 skipa Kaffehuset Friele i Bergen.

Herman Friele og kona Bergitha Morup Friele dreiv sal av importerte næringsmiddel som rosiner, korintar, sitronar og humle på torget i Bergen på 1790-talet. Handelsbrevet deira var gjeve Herman Friele, men kona dreiv verksemda medan ektemannen var ute og siglde. I 1799 kom Friele tilbake frå Brasil med eit lass kaffi. Han kjøpte Stenkjelderen der kunne driva handel, lagra varer, brygga øl og brenna kaffibøner. Etterkvart blei kaffien den viktigaste vara.

I 1818 blei Friele dømd til månader på tukthus etter å ha tjuvlånt ein robåt for å koma over frå Os til Fusa utan å ha reisepass.

Herman Friele hadde 18 ungar. Den yngste av dei, Berent Friele, tok over drifta av Kaffehuset Friele i 1835. Ein annan, Joachim Friele, dreiv som kjøpmann på eiga hand. Han slo seg ned i Frankrike, men verka framleis som velgjerar for bergensbuar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]