Kaptein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kaptein har fleire tydingar på norsk:

  • Kaptein blir vanlegvis brukt om ein skipsførar, den øvstbefalande offiseren på eit skip. Eit meir uformelt ord for skipsførar er skipper.
  • Kaptein blir òg brukt om sjøkaptein, yrkestittel for innehavarar av dekksoffisersertifikat klasse 1.
  • Kaptein blir på tilsvarande vis brukt om øvstbefalande piloten om bord i eit fly eller eit romfartøy.
  • Kaptein blir brukt om ein lagførar i lagidrett, for eksempel i fotball, handball, bandy eller ishockey.
  • Kaptein er ein offisersgrad i hæren og luftforsvaret mellom major og løytnant.
  • Orlogskaptein er ei offisersgrad mellom kapteinløytnant og kommandørkaptein i sjøforsvaret.

Offisersgrada kaptein er vanleg i mange språk, men kan ha litt ulik tyding og posisjon i ulike land.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Ordet kaptein kjem frå fransk capitaine som stammar frå det mellomalderlatinske capitaneus som igjen er avleidd av det latinske caput, som betyr «hovud». Kaptein betyr altså opphavleg «overhovud», «førar», «leiar» eller «sjef». Ordet kan ha litt ulik bruk i ulike språk.

Kjende kapteinar[endre | endre wikiteksten]

Det er ei mengde kjende kapteinar opp gjennom historia, både verkelege og oppdikta. Kapteintittelen fortel om ein person med makt og posisjon til å styre eit fartøy eller leie ei gruppe underordna, og kling godt i titlar og kallenamn. Listene her viser berre eit lite utval der kaptein inngår som ein vanleg del av namnet.

«Kaptein Nemo ser på ein kjempeblekksprut frå undervassbåten Nautilus». Kaptein Nemo var hovudperson i romanen Ei verdsomseging under havet (20000 Lieues Sous les Mers) av Jules Verne. Illustrasjon frå 1870.

Historiske kapteinar[endre | endre wikiteksten]

  • Captain Jack, kallenamn for Kintpuash (1837-1873), nordamerikansk indianarhovding
  • Kaptein Kaald, kaperkapteinen Paul Andreas Kaald (1784-1867) frå Trondheim
  • Kaptein Raudskjegg, klassisk piratnamn brukt både i teikneseriar, filmar og barneprogram. Raudskjegg, eller på italiensk Barbarossa, var opphavleg kallenamn på den tyrkiske kaperen Aruj (1474 – 1518).

Kapteinar frå bøker[endre | endre wikiteksten]

Kapteinar frå film og TV[endre | endre wikiteksten]

Det er i tillegg mange filmar med Kaptein i tittelen.

Kapteinar frå teikneseriar[endre | endre wikiteksten]

  • Kaptein Miki, cowboyhelt i italiensk teikneserie frå amerikansk westernmiljø gitt ut første gong i 1951
  • Kaptein Mark, hovudperson i italiensk teikneserie frå amerikansk nybyggartid utgitt første gong i 1966 av dei same teikneserieskaparane som gav ut Kaptein Miki.
  • Kaptein Vom, teikneseriefigur i Knoll og Tott
  • Kaptein B eller Bestefar B, B-gjengen sin leiar i teikneseriane om Donald Duck
  • Captain America, amerikansk teikneseriefigur og superhelt frå 1941
  • Kaptein Haddock (Capitaine Archibald Haddock), ein figur i den belgiske teikneserien om Tintin

Kapteinar frå annan populærkultur[endre | endre wikiteksten]


Fleirtyding Dette er ei fleirtydingsside. Ho listar sider om ulike emne som elles ville hatt same namnet.
Dersom du følgde ei lenkje hit, kan du kanskje gå tilbake og rette henne slik at ho peikar direkte til den rette sida.