Tukthus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Tukthus (på tysk Zuchthaus) var i eldre tider namnet på ein større straffe- eller tvangsarbeidsanstalt.

Dei første tukthusa vart etablert i annan halvdel av 1500-talet i Nederland og England, og raskt spreidde idéen seg til ei rekke andre europeiske land. Dei opphavlege tukthusa hadde til hensikt å omdanna fangane til nyttige medlem av samfunnet gjennom tukt i form av streng disiplin og ordna sysselsetting. Tukthusa vart både brukt som fengsel for kriminelle, men også som forbedringsanstalter for personar som levde på utsida av samfunnet, som tiggarar og prostituerte. Dette endra seg frå 1700-talet da tukthus vart ein ordinær soningsform. Den vesentlege forskjellen mellom tukthus og vanleg fengsel (arresthus), var at tukthusfangar vart pålagt hardt, utmattande straffarbeid, historisk for eksempel i steinbrot eller tredemølle.

Tukthus i sin historiske form vart avskaffa i dei fleste europeiske land i løpet av 1900-talet. For eksempel avskaffa Tyskland tukthus først i 1969. Nemninga «tukthus» er likevel framleis behalde i nokre land, blant anna Sveits, men soningsforholda er endra og skil seg i dag ikkje avgjerande frå vanleg fengselsstraff.