Herman Wedel Major

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Herman Wedel Major

Fødd23. februar 1814
Kristiansand kommune
Død26. september 1854
NasjonalitetNoreg
Yrkepsykiater

Herman Wedel Major (23. februar 181426. september 1854) var ein norsk lege frå Kristiansand som var ein pioner i utviklinga av psykiatrien i Noreg.

Major studerte medisin frå 1834 og vart cand.med. i 1842. Påverka av mellom anna faren sitt sjølvmord, byrja han lese psykiatri. Med statsstønad studerte han 1843–45 sinnslidingar i Tyskland og Frankrike. I 1846 la han fram ei vid undersøking av tilhøva for psykisk lidande menneske, Indberetning om Sindssyge-Forholdene i Norge. Major avdekte her mange forfærda forhold ved dei «dollhus» og «dårekister» som vart nytta til forvaring og innesperring av psykisk lidande. Undersøkinga la grunnen for at Stortinget 17. august 1848 vedtok ei lov om «Sindsyges pleie og behandling». Sinnssjuke-omsorga vart deretter ei oppgåve for helsestellet, skild frå både fattigforsorga og fengselsstellet. Den norske staten fekk så bygt Gaustad sjukehus i Christiania og seinare Eg sjukehus i Kristiansand, dei to fyrste psykiatriske sjukehusa i landet.

Frå 1847 var Major lege ved Oslo Sindssygeindretning, utnemnd til styrar i 1851. I 1854 utvandra han til Nord-Amerika, men under overfarten sokk «Arctic», skipet han reiste med, og både Herman Wedel Major og familien hans omkom.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]