Hermann Starheimsæter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hermann Starheimsæter

Foto: Bjørg Starheimsæter
Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. august 1950
Lærdal
Yrke skribent, lyrikar
Periode 1980-
Debut Lungeblæretre, dikt
Nettstad hermann-star.com

Hermann Starheimsæter (fødd 2. august 1950 i Lærdal)[1] er ein norsk forfattar.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Han debuterte i 1980 med diktsamlinga Lungeblæretre. Han har sidan gjeve ut tre diktsamlingar til, ei novellesamling og to barnebøker. Den tospråklege dikt/fotoboka Steinskuggar/Stoneshadows (1991) som han gav ut saman med fotograf Jens Hauge og omsetjar Robin Fulton, vert av mange rekna som eit høgdepunkt i sin sjanger. Dei seinare åra har Hermann Starheimsæter markert seg mest som romanforfattar. For sin fyrste roman, den gripande barneskildringa Han gjorde det (1990) fekk han fleire prisar. Han har sidan gjeve ut fire romanar til, og utvida sitt formelle og språklege register for kvar bok. I romanane sine skildrar Starheimsæter gjerne det pressa sinn, samanbrot, abnorme sjelstilstandar. Ikkje minst gjeld dette dei to siste romanane hans, Nordvegen (2003) og Nattbussen (2007). Desse bøkene er dei fyrste i ein større serie om språk og galskap.

Blant litteraturkritikarar er Hermann Starheimsæter kjent for si evne til å skildra sansingar og 'mimoseaktige' sinnsstemningar. Han får ofte ros for sine språklege kvalitetar. «Språkleg kraftverk» er ord som vart brukt om siste boka hans.

Starheimsæter er busett i Sykkylven.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

I bøker - eit utval[endre | endre wikiteksten]

  • 1990 – Tornado og andre noveller for barn (Oslo: Samlaget). ISBN 82-521-3538-2 I fulltekst ved nb.no  [Av innhaldet: Kano / Hermann Starheimsæter, s. 64-75]
  • 1991 – Signaler '91 (Oslo: Cappelen). ISBN 82-02-13293-2  [Redaktør: Lars Saabye Christensen. Av innhaldet: Sidekammerset ; Kniven / Hermann Starheimsæter, s. 170-171]
  • 2001 – Angstens poesi (Oslo: Damm forlag). ISBN 82-517-8429-8  [Av innhaldet: Heilt naken/Hermann Starheimsæter]
  • 2002 – Under bergfall : mine kjæraste dikt (Oslo: Samlaget). ISBN 82-521-5970-2  [Av innhaldet: Ordet stein ; Monument ; Løa ; Portrett / Hermann Starheimsæter]

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. ««Hermann Starheimsæter (02.08.1950)»». forfatterkatalogen.no. Henta 29. november 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]