Sykkylven

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sykkylven
Aure
tettstad
View over Sykkylven.jpg
Aure til venstre for Sykkylvsbrua på andre sida av fjorden, Ikornnes på motsett side
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Sykkylven
Areal 3,38 km²
Folketal 4 321 (2017)
Folketettleik 1 278 / km²
Postnummer 6230 SYKKYLVEN
Innbyggjarnamn sykkylving

Sykkylven er ein tettstad og administrasjonssenteret i Sykkylven kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden ligg ytst på austsida av Sykkylvsfjorden og har 4 321 innbyggjarar per 1. januar 2017.[1] Den sentrale delen av tettstaden er kalla Aure og ligg ved Aureelva, som renn ut i fjorden frå Andestadvatnet i aust. Gardsnamnet Aure kjem av «aurr» i tydinga 'grus'. Like ved Aureelva ligg tre lokale skular: barneskule, ungdomsskule og Sykkylven vidaregåande skule.

Sykkylven er eit senter for handel og tenesteverksemd. Staden har også industri, der særleg møbelindustrien har stått sterkt. Mellom anna har møbelprodusenten Brunstad hovudkontor og Hjellegjerde ein fabrikk i Sykkylven.

I Sykkylven sentrum (Aure) er funne buplassar med fleire større hus frå jern- og bronsealderen. Arkeologiske utgravingar på Auremarka viser busetnadsspor som går tilbake til 800 år før vår tidsrekning.[2] I tettstaden ligg også Sykkylven Naturhistoriske Museum med oppbygd naturlandskap for fuglar og dyr. Sykkylven kyrkje er ei arbeidskyrkje i betong som vart oppført i 1990. Norsk Møbelfaglig senter, som utgjer ein del av Stiftelsen Sunnmøre museum, ligg i Aure. Avisa Sykkylvsbladet kjem ut i Sykkylven to dagar i veka.[1]

Sykkylven har vegsamband med Ålesund via ferje over Storfjorden, som del av fylkesveg 60 og E39. Fylkesveg 60 held fram sørover via Stranda til E39 i Hornindal i Nordfjord.[3]

Bilete frå Sykkylven[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Sykkylven». Store norske leksikon. 15. februar 2018. Henta 26. september 2016. 
  2. Stedsanalyse: dokument. Oslo: Miljøverndepartementet. 1993. ISBN 8272439522. 
  3. «Sykkylven – tettstedet». Store norske leksikon. 28. september 2015. Henta 26. september 2016.