Heydər Əliyev
| Heydər Əliyev | |
| Statsborgarskap | Sovjetunionen, Aserbajdsjan |
| Fødd | 10. mai 1923 Nakhitsjevan |
| Død |
12. desember 2003 (80 år) |
| Yrke | etterretningsoffiser, politikar |
| Språk | Aserbajdsjansk, russisk |
| Politisk parti | Sovjetunionens kommunistiske parti, Yeni Azərbaycan Partiyası[*] |
| Medlem av | Politbyrået i Sovjetunionen[*] |
| Religion | Islam, sjiaislam |
| Far | Alirza Aliyev |
| Ektefelle | Zarifa Alieva |
| Nettstad | https://heydar-aliyev-foundation.org |
| Heydər Əliyev på Commons | |
Heydər Əlirza oğlu Əliyev (10. mai 1923–12. desember 2003) eller Geidar Alijevitsj Alijev var i fleire tiår den mektigaste politikaren i Aserbajdsjan, fyrst i sovjetrepublikken Aserbajdsjan som generalsekretær i sentralkomiteen til kommunistpartiet i Aserbajdsjan i perioden 1969-82, deretter som medlem av politbyåret i Sovjetunionens kommunistiske parti (SUKP) i fem år. Generalsekretæren i partiet, Mikhail Gorbatsjov, tvinga Əliyev til å trekke seg grunna korrupsjon.
Etter Sovjetunionen braut saman i 1991/92 var Əliyev president i det sjølvstendige Aserbajdsjan frå 1993 til ein månad før han døydde i 2003, på eit sjukehus i Cleveland i delstaten Ohio i USA. Sterk persondyrking prega presidenttida, og eit autokratisk system bygt på slekt- og klanmedlemer tok form, smurt gjennom store oljeinntekter og eit patron-klient-system.
Sonen İlham Əliyev tok makta i Aserbajdsjan etter faren.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Heydər Əliyev» frå Wikipedia på tysk, den 24. februar 2015.