Mikhail Gorbatsjov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mikhail Gorbatsjov i 1985

Mikhail Sergejevitsj Gorbatsjov (fødd 2. mars 1931) blei fødd i Stavropol- området sør i Russland. Han blei generalsekretær i det sovjetiske kommunistpartiet i 1985, og endra både stil og innhald i sovjetisk politikk. Den politiske endringa fekk namna glasnost (openheit) og perestrojka (omdanning).

Gorbatsjov ønskte å demokratisere det sovjetiske samfunnet, og oppheva blant anna maktmonopolet til kommunistpartiet. Gorbatsjov var òg sovjetisk president frå 1988. For nedrustingspolitikken sin fekk han Nobels fredspris i 1990.

Gorbatsjov sin politikk med gradvis reformering av systemet utan å «slå barnet ut med badevatnet» møtte motstand både blant konservative kommunistar som ikkje ønskte endring og blant dei som ville avskaffe heile systemet. Konservative kommunistar prøvde å gjere statskupp i 1991, og bortførte Gorbatsjov. Men store motdemonstrasjonar og manglande støtte frå hæren gjorde at kuppmakarane gav opp. Gorbatsjov kom tilbake til hovudstaden, blei gjeninnsett som sovjetisk president, men måtte snart sjå at Sovjetunionen blei oppløyst, og han dermed ikkje hadde nokon stat å vere president for. Det var særleg presidenten for den russiske delstaten, Boris Jeltsin, som stod bak dette.

Gorbatsjov har sidan vore aktiv i russisk politikk som sosialdemokratisk politikar.