Historisk fiksjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Historisk roman)
Illustrasjon til den historiske romanen Ivanhoe av sir Walter Scott.

Historisk fiksjon er ein litteratursjanger der handlinga går føre seg i ein særskild periode i fortida. Omgrepet kan visa til historiske romanar, men kan også visa til andre typar formidling som scenekunst og biletkunst som teater, opera, film, fjernsyn, teikneserie og grafisk roman.

Eit essensielt element i historisk fiksjon er at han føregår i fortida, og ofte gjev detaljerte skildringar av sosiale forhold, levemåtar, talemåtar og andre detaljar frå perioden. Forfattarar bruker òg ofte høvet til å handsama historiske personar frå desse periodane, noko som kan gje lesaren høve til å betre kunna forstå korleis desse personane kan ha agert i høve til omgjevnadane sine. Nokre undersjangrar, som alternativ historie eller historisk fantasy, kan inkludera spekulative eller ahistoriske element.

Historisk fiksjon er ein moderne litteratursjanger som stammar frå byrjinga av 1800-talet, der sir Walter Scott og fleire samtidige forfattarar, som franske Honoré de Balzac, amerikanske James Fenimore Cooper og den seinare russiske Lev Tolstoj gav ut fleire av dei første verka innan historisk fiksjon. Blandinga av historiske og fiktive element har likevel eksistert lenge før innanfor litteraturen i dei fleste kulturar. Både vestlege tradisjonar (medrekna klassisk gresk og romersk litteratur) og austleg litteratur i form av munnlege forteljingar og segner har element av dette.

Seinare kjende eksempel på historisk fiksjon er Irving Stone sine romanar om kunstnarar, verk av Walter Scott som Ivanhoe, The Prince and the Pauper av Mark Twain, Rosens navn av Umberto Eco og ei rekkje verk av Bernard Cornwell.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]