Hjelmsøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hjelmsøya
Geografi
Norway - Hjelmsøya.png
Stad Vest-Finnmark
Koordinatar 71°03′32″N 24°41′05″EKoordinatar: 71°03′32″N 24°41′05″E

Areal 39 km²

Høgaste punkt Geitingsryggen (374 moh.)

Administrasjon
Land Noreg
Fylke Finnmark

Demografi
Folketal 0

Hjelmsøya er ei øy i Måsøy kommune i Finnmark. Øya ligg nord for Havøya og Havøysund. Hjelmsøya har eit areal på 39 km², og det høgaste punktet på øya er Geitingsryggen på 374 moh.

Hjelmsøya vart fråflytta på slutten av 1960-talet, og er i dag ikkje busett. Det er ingen offentleg kommunikasjon til Hjelmsøya.

Lengst nord på Hjelmsøya ligg fuglefjellet Hjelmsøystauren, som er ein av Noreg sine viktigaste hekkekoloniar for lomvi. Hjelmsøystauren er eitt av to område på Hjelmsøya som er verna som naturreservat. Det andre er Sandfjorden, litt lenger sør på øya.

Nord for Hjelmsøya ligg fiskebanken Hjelmsøyflaket.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]