Hoag sitt objekt
Hoag sitt objekt | |
![]() Hubble-bilete av Hoag sitt objekt. Bak galaksen kan ein sjå ein ringgalakse nummer to. | |
Observasjonsdata (epoke J2000) | |
---|---|
Stjernebilete | Slangen |
Rektasensjon | 15t 17m 14,40s[1] |
Deklinasjon | +21° 35′ 07″[1] |
Avstand | 600 millionar lysår |
Type | ringgalakse |
Sjå òg: Galakse, lista over galaksar |
Hoag sitt objekt er ein ringgalakse som ligg rundt 600 millionar lysår unna jorda i stjernebiletet Slangen. Han vart oppdaga i 1950 av astronomen Arthur Allen Hoag og er omtrent 120 000 lysår på tvers, noko større enn Mjølkevegen. Det har vore spekulert i at utsjånaden til Hoag sitt objekt ættar frå ei nærpassering av ein annan galakse.
Hoag såg at objektet likna på ei planetarisk tåka, men føreslo seinare at objektet, trass i den uvanlege forma, var ein galakse. Observasjonar gjorde på 1970-talet prova dette.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen baserer seg på pressemelding STScI-2002-21 frå Space Telescope Science Institute.