Hodgkins sjukdom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hodgkins sjukdom
Hodgkin lymphoma cytology large.jpg
Mikroskopfotografi som viser Hodgkins lymfom
Klassifikasjonar og ressursar
ICD-9-kode:201
ICD-10-kode:C81
ICD-O:9650/3-9667/3
DiseasesDB5973
MedlinePlus000580
eMedicinemed/1022
MeSHD006689

Hodgkins sjukdom, Hodgkins lymfom eller lymfogranulomatose er ei form for lymfekreft. Ho har namn etter Thomas Hodgkin, som først skildra abnormalitetar i lymfesystemet i 1832.[1][2]

Sjukdommen er kjenneteikna av store kreftceller, Reed-Sternberg-celler, som har fleire cellekjerner og er omfatta av betennelsesreaksjonar. Desse kreftcellene stammar frå B-lymfocyttar.[3] Hodgkins sjukdom har systematisk spreiing frå ei gruppe lymfeknutar til andre, og utvikling av B-symptom (som feber, nattesveitte og vekttap) etterkvart som han utviklar seg. Nokre symptom på sjukdommen er fast heving av lymfeknutane. Ein kan også føla seg veik på grunn av anemi og feber.[3]

Folk av alle aldrar kan utvikla sjukdommen, men han har større forekomst i unge vaksne (alder 15–35) og i pasientar over 55.[4] Om lag dobbelt så mange menn som kvinner utviklar Hodgkins sjukdom.[3] Rundt halvparten av sjukdomstilfella kjem av infeksjon med Epstein-Barr-virus.[5][6] Andre risikofaktorar kan vera sjukdomstilfelle i familien og å ha HIV/AIDS.[7][5]

Ein kan behandla Hodgkins sjukdom med cellegift, strålebehandling eller stamcelletransplantasjon, avhengig av alder, kjønn, kva stadium sjukdommen er i, storleiken på svulstene og den histologiske underkategorien hans. Generell 5-års overlevelsesrate 2001–2007 (basert på tal frå USA) var 83,9 %.[8] Sidan mange pasientar er unge, lever dei ofte 40 eller flere år etter behandling - men få studiar følgjer pasienter lenger enn 25 år, og desse studiane tek for seg eldre behandlingsmetodar med tildels livstruande biverknader. Det finst lite data tilgjengeleg om langtidseffektane av nyare, mindre skadelige behandlingsmetodar, men det er grunn til å tru at langtidseffektane av desse er langt mindre.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hellman S (2007). «Brief Consideration of Thomas Hodgkin and His Times». I Hoppe RT, Mauch PT, Armitage JO, Diehl V, Weiss LM. Hodgkin Lymphoma (2. utg.). Philadelphia: Wolters Kluwer Health/Lippincott Williams & Wilkins. s. 3–6. ISBN 0-7817-6422-X. 
  2. Hodgkin T (1832). «On some morbid experiences of the absorbent glands and spleen». Med Chir Trans 17: 69–97. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Klepp, Olbjørn (16. november 2020). «Hodgkins sykdom». Store medisinske leksikon (på norsk bokmål). 
  4. Surveillance, Epidemiology, and End Results (SEER) Program (www.seer.cancer.gov) Cancer.gov
  5. 5,0 5,1 World Cancer Report 2014. World Health Organization. 2014. s. Chapter 2.4. ISBN 978-928320429-9. 
  6. Grewal R, Irimie A, Naidoo N, Mohamed N, Petrushev B, Chetty M, et al. (March 2018). «Hodgkin's lymphoma and its association with EBV and HIV infection». Critical Reviews in Clinical Laboratory Sciences 55 (2): 102–114. PMID 29316828. doi:10.1080/10408363.2017.1422692. 
  7. «Adult Hodgkin Lymphoma Treatment (PDQ)–Patient Version». NCI. 3. august 2016. Arkivert frå originalen 28. juli 2016. Henta 12. august 2016. 
  8. «Hodgkin Lymphoma—SEER Stat Fact Sheets». Seer.cancer.gov. Henta 26. august 2012. 
  9. James O. Armitage (2010). «Early-stage Hodgkin's Lymphoma». N. Engl. J. Med. 363 (7): 653–62. PMID 20818856. doi:10.1056/NEJMra1003733. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]