Hol i Hallingdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Hol
tettstad
none Hol med innsjøen Holsfjorden
Hol med innsjøen Holsfjorden
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Buskerud
Kommune Hol
Areal 0,44 km²
Folketal 321 (2017)
Folketettleik 730 / km²
Postnummer 3576 HOL
Innbyggjarnamn holing
Wikimedia Commons: Hol (village)

Hol er ein tettstad og administrasjonssenteret i Hol kommune i Buskerud. Tettstaden ligg ved fylkesveg 50 på nordsida av Holsfjorden i Holsdalføret og har 321 innbyggjarar per 1. januar 2017.[1]

I Hol er daglegvarebutikk, barnehage og barneskulen Hallingskarvet skole, med omkring 80 elevar. I tettstaden står Hol gamle kyrkje, ei langkyrkje frå 1200-talet. Om lag 3 kilometer søraust for tettstaden er Hagafoss, med Hol kyrkje frå 1924 og Hol Bygdemuseum, ein del av Hallingdal Museum. 20 kilometer vest for tettstaden er Hallingskarvet Skisenter, med tre skiheisar og fleire nedfartar.

Bilete frå Hol[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hol – tettsted i Hol kommune». Store norske leksikon. 26. februar 2017. Henta 15. april 2018.