Hopp til innhald

Fylkesveg 50

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Fylkesveg 50 (fleirtyding).
Fylkesveg 50
50

Mot Storestølen i Hol
Foto: Jun Kwang Han

Strekning
AurlandHol
Informasjon
Lengd95,1 km
Statusfylkesveg
FylkeVestland
Buskerud
Tilstøytande vegar
Fylkesveg 50 Fylkesveg 50
Restriksjonar
KolonnekøyringHeile vegen
(om vinteren)
Mot Botnatunnelen austfrå.
Foto: Jun Kwang Han
Lysregulering i Låvisberget på grunn av smal veg.
Austre innkøyringa til Geiteryggtunnelen.
Foto: Jun Kwang Han

Fylkesveg 50 (Fv50) går mellom Fossheim i Aurland og Hol. Veglengda er 95,1 km, fordelt på to trasear.

Hovudtraséen går i Aurland langs Vassbygdevatnet, opp Låvisberget, gjennom tunnellar til Heimrebø i Aurlandsdalen som den følgjer til fylkesgrensa ved Geiterygghytta og følgjer så Sudndalen i Hol. Veglengda er 94 km, av dette 42,4 km i Vestland og 51,6 km i Buskerud. I tillegg går ein arm frå Steine bru til Bjelde i Vassbygdi i Aurland.

Vegen hadde tidlegare riksvegnummer 288 og 601. Vegen vart opna til Flåm i 1987 og vidare til GudvangenGudvangatunnelen opna i 1991. Mellom 1991 og 2000 var riksveg 50 det første og einaste ferjefrie vegsambandet mellom Austlandet og Bergen. I november 2000 opna Lærdalstunnelen til Aurland, og riksveg 50 fekk endepunkt på Fossheim i Aurland.

Før 1962 var riksveg 50 namnet på vegen som i dag er europaveg 6 i Noreg, bortsett frå strekninga mellom Oslo og Svinesund i Østfold (då riksveg 1).

Før 1. januar 2010 var vegen riksveg, etter at forvaltingsreforma trødde i kraft har han status som fylkesveg.

I 2019 vart det gjort endringar i fylkesvegnettet. Gamle Fylkesveg 244 i Sogn og Fjordane vart lagt til som ein arm av Fylkesveg 50 i Vassbygdi, med ei lengd på 1,1 km.[1]

Kommunar og knutepunkt

[endre | endre wikiteksten]
Aurland
Hol
  1. «Endringer i vegnettet 2019». Vegvesenet. 27. september 2019. Arkivert frå originalen 20. juni 2019. Henta 4. august 2022.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]