Holder Peak
Holder Peak | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Topp | Princess Elizabeth Land | ||
• høgd | 140 moh. | ||
- koordinatar | 69°44′S 74°31′E / 69.733°S 74.517°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Holder Peak 69°44′30″S 74°31′13″E / 69.741666666667°S 74.520277777778°E | |||
Holder Peak er det høgare (nordlege) fjellet på eit utspring på Ingrid Christensen Kyst i Princess Elizabeth Land i Antarktis, kring 4 km aust for Caroline Mikkelsen-fjellet. Det er kring 140 moh.
Fjellet vart kartlagd av norske kartografar frå flyfotografi teken av Lars Christensen-ekspedisjonen (1936–37) og i lag med Young Peak kalla «Tvillingfjella». Det vart posisjonert av ei triangulering frå ein stjerneavgjort grunnlinje av ei gruppe frå Australian National Antarctic Research Expeditions (ANARE) frå Davis-stasjonen leia av William Young i 1963. Det vart namngjeve av Australian Antarctic Names and Medals Committee etter australske James Holder, ein vêrobservatør ved Davis-stasjonen i 1963 og medlem av feltgruppa frå ANARE.[1][2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Australian Antarctic Gazetteer». Australian Antarctic Division. Henta 16. mars 2013.
- ↑ «Holder Peak». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 18. oktober 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Holder Peak» (innhald frå Geographic Names Information System).