Davis-stasjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 68°34′35″S 77°58′08″E
Davis-stasjonen
stasjon
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
Stad Princess Elizabeth Land
 - koordinatar 68°34′35″S 77°58′08″E
Grunnlagd 1957
Administrert under Antarktistraktaten
Davis-stasjonen is located in Antarktis
Davis-stasjonen (Antarktis)
Wikimedia Commons: Davis Station

Davis-stasjonen er ein permanent base i Antarktis driven av Australian Antarctic Division (AAD). Han er den største forskingsstasjonrn til Australia og ligg ved kysten av Cooperation-havet i Princess Elizabeth Land (Ingrid Christensen Kyst) og er eit isfritt område (antarktisk oase) i Antarktis kalla Vestfold Hills.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kysten der Davis-stasjonen no ligg vart første gong sett den 9. februar 1931, under den andre British Australian and New Zealand Antarctic Research Expedition (BANZARE) ombord på «Discovery». Sir Douglas Mawson og Stuart Campbell såg kontinentet frå eit sjøfly og namngav det høge landet mot søraust Princess Elizabeth Land.

Den første som steig i land her var den norske kvalbåtkapteinen Klarius Mikkelsen på «Thorshavn» i 1935. Mikkelsen kalla åsane opp etter Vestfold i Noreg, som han meinte likna.

Davis-stasjonen

Varden som nordmennene reiste her vart funnen av medlemmar av Australian National Antarctic Research Expeditions (ANARE) i 1960, men gjekk tapt i mange år før han igjen vart funnen i 1995.

I januar 1957 leita eit lag frå ANARE leia av Phillip Law etter ei høvande stad for stasjonen. Dette viste seg å vere vanskeleg fordi det var få gode ankerplassar og dei hadde lite ferskvatn att. Etter to dagars leiting, valte dei til slutt å setje stasjonen på eit lite platå oppom ei svart sandstrand. Lossinga starta og 13. januar 1957 vart det halde ein liten seremoni som offisielt opna den nye stasjonen. Han fekk namnet Davis til ære for kaptein John King Davis.

Davis vart lagt ned for ein kort periode den 25. januar 1965 for ei ombygging av Casey-stasjonen. Han vart opna på ny 15. februar 1969 og har vore i kontinuerleg drift sidan den gong. Dei små hyttene som stasjonen opphavleg bestod av forfall seint i 1970- og tidleg i 1980-åra og stasjonen vart ombygd.

Davis har vorte den største stasjonen til Australia i Antarktis og det vert forska på mange felt.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Davis-stasjonen har eit arktisk klima:

Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des år
Normal maks. temperatur (°C) 3.1 -0.3 -5.6 -10.4 -12.7 -12,4 -14.4 -14.2 -13.1 -9.0 -2,4 2,5 -7.4
Normal min. temperatur (°C) -1,2 -4.5 -10.8 -16.1 -18.9 -18.7 -20.6 -20.7 -20.0 -15.3 -7.7 -2.1 -13.0
Normale daglege solskinstimar 8.9 6.0 3.1 2.2 0.7 0.0 0.2 1,9 4.1 5.3 7.7 9.9 4.2
Normale skydagar 16.9 17.5 21,0 18.7 18.4 15.6 15.2 17.0 16.2 18.7 17.2 16.6 209.0

Kjelde: Bureau of Meteorology

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]