Hollandsk sjuke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hollandsk sjuke er eit økonomisk fenomen der eit lands eksport av ein naturressurs fører til avindustrialisering.

Ein viktig del av sjuka er at verdien av landet sin valuta aukar i verdi, slik at konkurranseutsett sektor blir mindre og mindre konkurransedyktig. Importen stig, eksporten minkar og produktiviteten fell.

Fenomenet vart først observert i Nederland på 1960-talet, da store reservar med naturgass i Nordsjøen byrja å bli utvunnen. Det finst no mykje forsking på temaet.

Nemninga Dutch disease, som er det engelske ordet for fenomenet, skal første gongen ha vorte nytta av The Economist i artikkelen «The Dutch Disease» i nummeret utgjeve 28. november 1977.

I Noreg[endre | endre wikiteksten]

Mange fryktar og/eller ser teikn til at oljeutvinninga i Noreg skal føre til hollandsk sjuke. Handlingsregelen for oljeformuen er eit verkemiddel som til dels er innretta mot å avgrense dei moglege negative verknadene av sjuka.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]