Handlingsregelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Handlingsregelen er ein regel om kor stor sum Stortinget kan take ut or «oljefondet», som er den vanlege nemninga for det fondet som formelt heiter Statens pensjonsfond – utland (SPU). Regelen vart innført av Stortinget under Jens Stoltenbergs fyrste regjering i 2001, og gjeng ut på at statsbudsjettet kan ha eit underskot på opp til fire prosent av kapitalen i Statens pensjonsfond – utland når budsjettåret tek til, frårekna inntektene staten har frå olje- og gassutvinninga på norsk kontinentalsokkel. Innanfor denne ramma på fire prosent av kapitalen i «oljefondet», kan altså underskotet på statsbudsjettet dekkjast av eit uttak av pengar («oljepengar») frå dette «oljefondet», Statens pensjonsfond – utland.

Grunngjevinga for regelen har vore at bruken av oljeinntektene må skje på eit disiplinert vis for at dei skal kunne bidra til langvarig, eller aller helst varig trygging, av det norske velferdssamfunnet. Ettersom desse fire prosentane berre er den gjennomsnittlege realavkastinga ein ventar at «oljefondet» vil gje, har handlingsregelen som verknad at fondskapitalen ikkje vert skåre ned over tid. Såleis ligg tilhøva til rette for ei forvalting av petroleumsformuen som er så berekraftig at desse midlane vil kome framtidige generasjonar til gode. Men som følgje av at ein stendig større del av folket i landet vil vere eldre menneske i framtida, er det likevel ikkje truleg at den sparinga på statens hand som handlingsregelen legg opp til, vil verte nok til å dekkje framtidas offentlege pensjonar og kostnader til helsehjelp og omsorg.

Handlingsregelen er ikkje formelt bindande for Stortinget val etter val, men er eit prinsipp som eit stort fleirtal i Stortinget har slutta seg til sidan regelen vart godteke av Stortinget i 2001. Likevel har regelen vorte brote i større eller mindre grad fleire gongar sidan då for å få dei årlege statsbudsjetta i hamn.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]