Holtermann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Holtermann er ei norsk slekt med opphav i Tyskland.[1] I 1673 innvandra Henrich Holtermann (1650–1730) til Noreg og tok borgerskap i Bergen 9. august 1676.[2] To av hans søner var Carsten Holtermann (1680–1757), gift med Sara Davidsdtr Faye,[3]; og Henrik Holtermann (1683–1728). Carsten tok borgerskap i Bergen 1704 (med yrke skipper), medan broren Henrik/Henrich («kjøbmand») tok borgarskap i Bergen i 1706.

Henrik Holtermann (1683-1728) fekk borgarskap som kjøpmann i Bergen, men budde på Gamlem og var gift med Meine Stokberg. Det var på denne tida ingen kjøpstad på Sunnmøre, Henrik Holtermann var ein såkalla «uteliggar» ved at han hadde løyve til å ligge ute i distriktet (i såkalla «kræmmerleier») og handle med bøndene der. Henrik Holtermann åtte Brunholmen 1708-1727 (enka Mein Stochberg kjøpte i 1730 Djuvika og flytta dit). Brunholmen var ein liten handelsstad ved «Ålesundet» og vart seinare sentrum i den nye byen Ålesund.[4][5] Sonen Hans Holtermann etablerte seg som handelsmann same stad. Dottera Anna Bagge Holtermann var gift med handelsmannen Iver Jørgensen Høgh i Vegsund.

Kjende Holtermann[endre | endre wikiteksten]

Mellom kjende medlemmar av slekta finn ein fleire eigarar av Austrått og Rein kloster.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://snl.no/Holtermann lest på nett 16. mars 2013.
  2. Digitalarkivet, Borgerskap i Bergen 1600-1751, oppslag på «Holterman», 16.mars 2013.
  3. Digitalarkivet, Døypte i Bergen 1668-1815, Carsten Holtermann og Sara Davidsdtr Faye oppført med minst 2 barn.
  4. Ekroll, Knut (1918): Brunholmen i Aalesund og kongeparrets opphold der 1733. Tidsskrift for Sunnmør Historiske lag. 1916-1917. 8-9de aargang. Utgitt i Aalesund.
  5. Dale, Bjørn Jonson (1987): «Borgarsetet Brunholmen». I Brunholmen og Molja (red av Kjell Skorgevik), Aalesunds Museums skrift nr 16.