Holvene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hjartet og dei store årene. Venene er farga blåe, nedre holvene går inn i høgre framkammer nedanfrå og baktil. Øvst kjem dei to venae anonymae og går saman i den stutte øvre holvene.

Dei øvre og nedre holvenene (latin vena cava superior og inferior) er to store vener som tømmer blod frå det store kretsløpet i hjartet hos mennesket. Dei tømmer seg i høgre framkammer. Av det deoksygenerte blodet som returnerer til hjartet er berre blodet frå koronarkretsløpet som går utanom holvenene.

Øvre holvene[endre | endre wikiteksten]

Øvre holvene blir danna av dei to venae anonymae som går saman i den stutte øvre holvena. I tillegg kjem vena azygos inn rett før holvena går inn i høgre framkammer ovantil.

Ein anatomisk variant er ein persisterande venstresidig øvre holvene som tømmer seg i høgre framkammer via koronarsinus. Dette er ein rest frå fostertida og er til stades hos om lag 3 promille av befolkninga. Tilstanden er ikkje fårleg. Som regel, men ikkje alltid, er då venstresidig vena anonyma ikkje til stades.

Nedre holvene[endre | endre wikiteksten]

Dei store venene, hjartet er fjerna. Venene er farga blåe, det er tydeleg korleis nedre holvene er ei lang åre og tek imot blod m.a. frå nyrene, og korleis ho går side om side med livpulsåra og ryggraden. Øvst kjem dei to venae anonymae og går saman i den stutte øvre holvene.

Nedre holvene ligg bak bukhinna (lat. peritoneum) på høgre side av ryggraden. Ho tek imot blod frå beina, bekkenområdet, levra (og gjennom ho tarmane) og nyrane. Ho kjem inn i hjartet i høgre framkammer nedanfrå og baktil. Der ligg ein kraftig fold, valvula Eustachi, og styrer blodstraumen mot framkammerskiljeveggen. Dette har ein viktig funksjon i fosterkretsløpet.

Vena azygos[endre | endre wikiteksten]

Vena azygos drenerer blod frå området mellom ribbeina og nokre andre område. Ho er knytt både til nedre og øvre holvene.