Framkammer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Menneskehjartet i prinsipp, sett forfrå. Kvite pilar syner normal blodstraum.
1: høgre framkammer 2: venstre framkammer 3:øvre holvene 4:aorta (bogen) 5:lungepulsåra (venstre sidegrein) 6:lungevene (nedre venstre) 7:mitralklaffen 8:aortaklaffen 9:venstre hjartekammer 10:høgre hjartekammer 11:nedre holvene 12:trikuspidalklaffen 13:pulmonalklaffen

Framkammer (latin atrium) er ein struktur i hjartet. Det er eit kammer med tynne veggar som tek imot blod som kjem til hjartet. Blodet går frå framkammeret til hjartekammeret som pumpar det ut i kroppen. Alle dyr med eit lukka kretsløpssystem har minst eitt framkammer og eitt hjartekammer. Medan fisk har eit framkammer og eitt hjartekammer, har andre virveldyr to framkammer, og eitt eller to hjartekammer.

Menneskehjartet[endre | endre wikiteksten]

Menneskehjartet har fire kammer. Høgre framkammer tek imot blod med lågt oksygeninnhald frå øvre og nedre holvene og koronarsinus. Stundom kjem det også vener frå levra rett inn i høgre framkammer. Frå dette framkammeret går blodet gjennom trikuspidalklaffen til høgre hjartekammer, som pumpar blod til lungene. Venstre framkammer tek imot blod med høgt oksygeninnhald frå lungevenene. Frå dette framkammeret går blodet gjennom mitralklaffen til venstre hjartekammer som pumpar blod ut i kroppen (unnateke lungene).

Hos fosteret er det ei direkte forbinding mellom framkammera, gjennom klaffen foramen ovale.

Spire Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.