Hondurasbukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Satellittbilde av Hondurabukten i nedre del av bildet.
Hondurasbukta i midten av kartet.

Hondurasbukta (spansk Golfo de Honduras) er ei bukt i Det karibiske havet som ligg mellom Belize, Guatemala og Honduras. Frå nord til sør strekkjer bukta seg cirka 200 km frå Dangriga i Belize til La Ceiba i Honduras.

Den indre delen av Hondurasbukta er avgrensa av Belize barriererev, som dannar den sørlege delen av det 900 km lange mesoamerikanske barriererevsystemet, det nest største korallrevsystemet i verda. Belize barriererev omfattar fleire mindre øyar som er kjende under namnet Pelican Cays.

Hondurasbukta har eit rikt dyreliv. Mangroveskog, sjøgras og korallrev i nærmiljøet og ein kombinasjon av ulike næringsemne her skapar eit rikt miljø som vernar marine organismar.[1]

Orkanen Hattie i 1961 hadde bane over Hondurasbukta før han traff land og skadde bygningar i Belize.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Environmental protection and maritime transport pollution control program in the Gulf of Honduras» (PDF) (engelsk). MesoAmerican-Caribbean Sea Hydrographic Commission (MACHC) of the International Hydrographic Organization (IHO). Henta 11. desember 2012.