Hong Xiuquan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hong Xiuquan

Hong Xiuquan (fødd Hong Renkun1. januar 18141. juni 1864) var ein kinesisk mystikar og leiar for Taipingopprøret.

Hong Xiuquan (kinesisk skrift 洪秀全) var fødd Hong Renkun (洪仁坤) og kom frå ein fattig hakkafamilie i Fuyuanshui i Hua fylke i Guangdong-provinsen under det kinesiske Qing-dynastiet. Han viste tidleg interesse i studiar, og blei gjeven ei utdanning som var kostbar for familien hans i håp om at han ein dag kunne ta dei keisarlege embetseksamenanen. Hong blei førstemann på den lokale, innleiande eksamenen, og drog deretter til Guangzhou for å ta den keisarlege eksamenen. Berre om lag 1 % av dei som tok han stod på denne eksamenen. Hong prøvde fire gonger, men strauk på alle. Til sist gav han opp og blei landsbylærar i staden.

I Guangzhou kom Hong i kontakt med kristendommen. Gjennom eigne visjonar og noko kristendomsopplæring gjennom trakatar og bibelundervising utvikla han si eiga sekt kalla «Gudsdyrkarane» (拜上帝會), og endra namnet sitt til Hong Xiuquan. Saman med dei første følgjesveinane sine, slektningane Feng Yunshan og Hong Rengan, byrja han prøva å fri Kina frå konfutsianismen, som dei rekna som demondyrking. Dei vitja små landsbyar og øydela gudebilde der, noko som ergra både innbyggjarane og styresmaktene. Etter å ha blitt drivne frå området gjekk dei om lag 50 mil til Guangxi, der dei fekk ei betre mottaking frå andre hakkafolk. Her fekk Hong Xiuquan laga to kjempesverd til å symbolsk drepa demonar med. Ved slutten av 1840-åra hadde han ein stor tilhengjarskare. Dei kom stadig i konflikt med lokale landsbyfolk, klanar, sjørøvarar og bandittar. Dette, og den aukande storleiken på sekta til Hong gjorde styremaktene redde, og dei gav ordre om at «Gudsdyrkarane» måtte spreia seg i 1850.

Statue av Hong Xiuquan i Nanjing.

I 1851 prøvde styresmaktene å spreia sekta ved makt, og sekta svarte med blodig motstand. Dei raskt veksande styrkane oppflamma eit enormt bondeopprør. Det rykka nordover og erobra mange byar, melloma anna Nanjing, som blei hovudstad for opprører. Derfrå prøvde dei erobra resten av det kinesiske kjerneområdet, og klarte nesten å erobra Beijing. Hong skipa «Det himmelske kongeriket Taiping» med seg sjølv som «himmelkonge» og bror av Jesus.

Etter eit mislukka forsøk på å ta Shanghai i 1860 snudde krigslukka for opprørarane. Kinesiske styrkar med vestleg støtte nedkjempa Taipingopprøret gjennom fleire år. I 1864 hadde dei nådde Nanjing, og Hong døydde, anten gjennom sjølvmord eller sjukdom. Den fjortenårige sonen hans, Hong Tianguifu, blei utnemnd til ny herskar. Nanjing blei teken av Qing-styrkar 19. juli 1864. Rundt 100 000 taipingarar tok liva sine. Hong Tianguifu blei seinare avretta.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Flavia Anderson: The Rebel Emperor, Doubleday & Company, 1959
  • Jack Gray: Rebellions and Revolutions: China from the 1800s to the 1980s, Oxford University Press, 1990. ISBN 0-19-821576-2.
  • Theodor Hamberg: The visions of Hung-Siu-tshuen, and origin of the Kwang-si insurrection, The China mail office, Hongkong 1854.
  • Yu-wen Jen: The Taiping Revolutionary Movement. Yale University Press, New Haven CT 1973, ISBN 0-300-01542-9.
  • China at War: An Encyclopedia. Ed. Li Xiaobing. United States of America: ABC-CLIO. 2012. ISBN 978-1-59884-415-3. Retrieved May 21, 2012.
  • Stephen R. Platt: Autumn in the Heavenly Kingdom: China, the West, and the Epic Story of the Taiping Civil War. New York: Knopf, 2012. ISBN 9780307271730.
  • Jonathan D. Spence: God's Chinese Son: The Taiping Heavenly Kingdom of Hong Xiuquan, W.W. Norton, 1996. ISBN 0-393-03844-0
  • Rudolf G. Wagner: Reenacting the Heavenly Vision. The Role of Religion in the Taiping Rebellion (= China Research Monograph. Vol. 25). University of California Press, Berkeley CA 1982, ISBN 0-912966-60-2.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]