Horn Head

Koordinatar: 55°11′57″N 7°58′57″W / 55.19917°N 7.98250°W / 55.19917; -7.98250
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Horn Head
Horn Head sett frå Port-na-blagh over Sheephaven Bay
Land  Irland
Kart
Horn Head
55°11′57″N 7°58′57″W / 55.19916667°N 7.9825°W / 55.19916667; -7.9825
Wikimedia Commons: Horn Head

Horn Head (irsk Corran Binne) er ei halvøy i Donegal i Republikken Irland, nær Dunfanaghy. Ho dannar ein del av Sheephaven Bay.

Horn Head har mange restar etter steinsirklar og ganggraver frå yngre steinalder.

Naturarvområde[endre | endre wikiteksten]

Klippene ved Horn Head tatt frå utkikkstårnet

Horn Head stig rett opp av vatnet til ei høgd på om lag 180 meter på sjøsida av halvøya. Klippene er internasjonalt viktige på grunn av dei store koloniane med sjøfugl som hekkar her. Av artar som hekkar i klippene finn ein toppskarv og alke. Området er erklært irsk naturarvområde og offisiell tilfluktsstad for dyreliv, og særskild sjøfuglar.

McSwyne's Gun[endre | endre wikiteksten]

McSwyne's Gun er eit blåsehol på vestsida av halvøya. Under tidlegare uvêr vart vatnet pressa gjennom hola til ei høgd på 60-90 meter med ein lyd som kunne høyrast 15 km unna. Sjølv om prosessen framleis oppstår er det ikkje like spektakulært lenger. Fleire menneske har omkome då dei har gått for nær og fall ned i hola.

Horn Head-huset[endre | endre wikiteksten]

Horn Head-huset står ligg ved Sheephaven Bay på Horn Head. Det vart bygd på 1700-talet og var det største huset i Dunfanaghy-området. Det var sete for Stewarts of Horn Head frå 1700-talet og fram til 1935. Det har vore forlate sidan den gong.

Utkikkstårn[endre | endre wikiteksten]

Restane etter to utkikkstårn står på Horn Head. Det eine er frå napoleonstida og det andre frå den andre verdskrigen. Begge gjev utsyn over Atlanterhavet og Tory Island.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

55°11′57″N 7°58′57″W / 55.19917°N 7.98250°W / 55.19917; -7.98250