Hough-funksjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hough-funksjonar er eigenfunksjonane til tidvasslikningane til Laplace som styrer væskerørsle på ein roterande sfære. Slik sett vert dei nytta i geofysikk og meteorologi der dei dannar ein del av løysinga for bølgjer i atmosfæren og havet.

Kvar hough-modus er ein funksjon av breiddegrad og kan uttrykkast som ein uendeleg sum av tilknytte legendre-polynom; funksjonar som er ortogonale over sfæren i det kontinuerlege tilfellet. Dermed kan ein òg sjå på dei som generelle fourierrekkjer der basisfunksjonen er eigensvingingar i ein atmosfære som er i ro.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]