Daktyli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Daktyli, daktyl- eller daktylo- (frå gresk δακτυλος, daktylos, 'finger')[1] er eit vitskapleg omgrep for noko som har med fingrar og tær å gjera.[2][3]

Daktylogi tyder til dømes fingerspråk, medan daktyloskopi er ei nemning for studiet av fingeravtrykk. Elles kan daktyli visa til talet på, eller stillinga til, tær eller fingrar hjå menneske og dyr.

Tal på tær og fingrar[endre | endre wikiteksten]

Monodaktyli[endre | endre wikiteksten]

Monodaktyli (av gresk monos-, 'ein') viser til ein tilstand der ein har ei enkelt tå på ein lem, som hjå moderne hestar. Desse høyrer til gruppa Perissodactyla.

Didaktyli[endre | endre wikiteksten]

Didaktyli (av gresk di-, 'to') eller bidaktyli viser til ein tilstand der ein har to fingrar eller tær på kvar lem, som hjå tofingra dovendyr (Choloepus) og hovdyrgruppa Hypertragulidae. Partåa hovdyr som hjort, sau og storfe (Artiodactyla) har berre to tær på kvar fot. Det same gjeld struts.

Tridaktyli[endre | endre wikiteksten]

Tridaktyli (av gresk tri-, 'tre') viser til ein tilstand der ein har tre fingrar eller tær på ein lem, som hjå nashorn og hesteforfedrar som Protohippus og Hipparion. Desse høyrer alle til gruppa Perissodactyla. Nokre fuglar har også tre tær, som emuar, trappar og vaktlar.

Tetradaktyli[endre | endre wikiteksten]

Tetradaktyli (av gresk tetra-, 'fire') viser til ein tilstand der ein har fire fingrar eller tær på ein lem, som hjå mange amfibiar, fuglar og dinosaurgruppa theropodar. Nokre pattedyr har også tetradaktyli, til dømes hundar og kattar på bakføtene.

Pentadaktyli[endre | endre wikiteksten]

Pentadaktyli (av gresk pénte, 'fem') viser til ein tilstand der ein har fem fingrar eller tær på kvar lem. Ein finn mellom anna pentadaktyli hjå menneske og reptilar. Ein utbreidd teori hevdar at alle tetrapodar eller firbeinte virveldyr stammar frå eit dyr med fem fingrar/tær på kvar lem, og at dei som har færre har mista dei gjennom evolusjon. Stephen Jay Gould la fram ein annan teori i artikkelen «Eight (Or Fewer) Little Piggies» i 1991.[4]

Tåstilling[endre | endre wikiteksten]

Diagram av høgrefoten til fire typar fuglar.

Anisodaktyli[endre | endre wikiteksten]

Anisodaktyli er den vanlegaste stillinga for tærne til fuglar, med tre tær som peikar framover og ei som peikar bakover. Dette er vanleg hjå sporvefuglar, duefuglar, hønsefuglar og hjå rovfuglar som ørner, haukar og falkar.

Syndaktyli[endre | endre wikiteksten]

Syndaktyli hjå fuglar liknar anisodaktyli, bortsett frå at den tredje og fjerde tåa (dei ytste og mellomste frampeikande tærne), eller tre tær, er samanvoksne. Dette førekjem hjå råkefuglar (Coraciiformes), som omfattar isfuglar, motmotar, råkar og bietarar.

Zygodaktyli[endre | endre wikiteksten]

Grønvengeraudara med høgre fot løfta.

Zygodaktyli (frå gresk ζυγος, 'para') er ei tåstilling der to tær (nummer 2 og 3) peikar framover og to andre (nummer 1 og 4) peikar bakovar. Dette er vanleg hjå skoglevande dyr som klatrar på stammar eller gjennom bladverk. Ein finn det hjå fuglar som papegøyar, hakkespettar, gaukar og nokre ugler. I tillegg førekjem ei liknande stilling hjå kameleonar. Alle papegøyefuglar, heile gaukefamilien og dei fleste spettefuglar og fiskeørna er zygodaktyle. Det er funne zygodaktyle fotspor frå 120–110 millionar år sidan, 50 millionar år før ein har funne dei eldste identifiserte zygodaktyle fossila.[5]

Heterodaktyli[endre | endre wikiteksten]

Heterodaktyli liknar zygodaktyli, bortsett frå at tå nummer 3 og 4 peikar framover medan tå nummer 1 og 2 peikar bakover. Dette førekjem berre hjå trogonar.[6]

Pamprodaktyli[endre | endre wikiteksten]

Pamprodaktyli er ei stilling der alle fire tærne peikar framover. Ofte kan ytre tær (nummer 1 og av og til nummer 4) fleksible og kan snuast bakover. Denne stillinga finn ein hjå seglarar (Apodidae) og musfuglar (Coliiformes).

Uventa tal og misdanningar[endre | endre wikiteksten]

Fullstendig fråver av tær eller fingrar der dei er forventa blir kalla adaktyli.[7] Oligodaktyli viser til det å ha færre tær eller fingar enn forventa. Ektrodaktyli er ei form for oligodaktyli der ei eller fleire av dei midtre tærne eller fingrane manglar. Syndaktyli som misdanning viser til at tær eller fingrar har vokse saman under fosterutviklinga. Polydaktyli viser til det å ha fleire tær eller fingrar enn det som er vanleg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «daktyl» i Nynorskordboka og Bokmålsordboka.
  2. «daktyli - A-Å - NEL - Nevrologiske prosedyrer». NEL - Nevrologiske prosedyrer. 
  3. Kåss, Erik (20. februar 2018). «daktyl-». Store medisinske leksikon (på norsk). 
  4. Stephen Jay Gould. «Stephen Jay Gould 'Eight (or Fewer) Little Piggies' 1991». Henta 2. oktober 2015. 
  5. «Earliest zygodactyl bird feet: evidence from Early Cretaceous roadrunner-like tracks». Naturwissenschaften 94: 657–665. 2007. Bibcode:2007NW.....94..657L. doi:10.1007/s00114-007-0239-x. 
  6. Botelho, João Francisco; Smith-Paredes, Daniel; Nuñez-Leon, Daniel; Soto-Acuña, Sergio; Vargas, Alexander O. (7. august 2014). «The developmental origin of zygodactyl feet and its possible loss in the evolution of Passeriformes». Proceedings of the Royal Society of London B: Biological Sciences (på engelsk) 281 (1788): 20140765. ISSN 0962-8452. PMC 4083792. PMID 24966313. doi:10.1098/rspb.2014.0765. 
  7. József Zákány; Catherine Fromental-Ramain; Xavier Warot & Denis Duboule (1997). «Regulation of number and size of digits by posterior Hox genes: A dose-dependent mechanism with potential evolutionary implications». PNAS 94: 13695–13700. Bibcode:1997PNAS...9413695Z. PMC 28368. PMID 9391088. doi:10.1073/pnas.94.25.13695.