Hovgarda-Rev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hovgarda-Rev
Fødd 1000-åra
Yrke skald
Mor Steinunn Revsdotter
Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)

Hovgarda-Rev (norrønt: Hofgarða-Refr Gestrson) var ein islandsk skald som levde i byrjinga av 1000-talet.

I Skaldatal[1] er han ført opp som skald hos kongane Olav den heilage og Magnus den gode, og hos hovdingane Hårek på Tjøtta og sonen hans, Einar Fluga. Fleire av dikta hans er sitert i Skaldskaparmål[2] og han er nemnd i Soga om Olav den Heilage.

Han kom frå ei gamal slekt på SnæfellsnesIsland. Mor hans var diktarkvinna Steinunn[3] og faren var Gest på garden Hovgarda. Han vart oppfostra hos skalden Gissur Svarte (Gullbråskald), som han kalla sin læremeister i skaldekunsten. Truleg vart han fødd kort etter år 1000 og ein reknar med at han ikkje kom til Noreg før i 1030. Noko meir om livet hans er ikkje kjent.

Han skal ha gjort dikt om både Olav den Heilage, Magnus den gode og fleire andre, men ikkje noko, eller berre restar av desse dikta, er bevart.

Kjende dikt av Hovgarda-Rev:

Dikt om Torstein[4]. Det er uvisst kven denne Torstein var, men han kan ha vore sonen til Snorre gode.
Dikt om Gissur Svarte (Gullbråskald)[5] eit minnedikt om fosterfaren som fall i slaget ved Stiklestad.
Ferdavise[6] med særs vakre og stemningsfulle dikt som handlar om ei reise «vest frå» - truleg til Noreg.
Fragment[7] - fem vers om ymse tema.

Eit av desse siste versa vitnar om hans karakter og livssyn:

Sæll es hinn, es, hranna
hádýra, vel, stýrir
unir sínu.
Lukkeleg han lever
som er nøgd
med sitt eige

Den islandske filologen Finnur Jónsson omtalar dette diktet slik:
«Disse ord er sikkert et udtryk for Refs hjærtens mening og måske et billede af hans eget liv; men de er tillige et slags indledningsord til det islandske freds- og rolighedstidsrum, der opstod ved og efter år 1030. De udtrykker på en interessant måde, at en ny tid, med ny slægt og nye tanker er ifærd med at bryde frem».

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Skáldatal på norrønt, frå is.wikisource
  2. Skaldskaparmål frå heimskringla.no (norrøn tekst)
  3. Ho blir kalla Steinunn Refsdóttir eller Dálksdottir (Finnur Jónnsson)
  4. Eit dikt om Torstein Arkivert 2016-06-02 ved Wayback Machine. av Hovgarda-Rev (Skaldic Project)
  5. Dikt om Gissur Gullbråskald Arkivert 2016-05-31 ved Wayback Machine. av Hovgarda-Rev (Skaldic Project)
  6. Ferdavisur Arkivert 2016-06-02 ved Wayback Machine. av Hovgarda-Rev (Skaldic Project)
  7. Fragment Arkivert 2016-06-02 ved Wayback Machine. av Hovgarda-Rev (Skaldic Project)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]