Howth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Howth
by
Land  Irland
Region Dublin
Fylke County Fingal
Provins Leinster
Folketal 8 706 (2002)
Kart
Howth
53°23′06″N 6°03′33″W / 53.3851°N 6.0591°W / 53.3851; -6.0591
Wikimedia Commons: Howth
Panoramabilete av hamna i Howth i 2011.

Howth (/ˈhoʊθ/ HOATH; irsk: Binn Éadair, er ein landsby og nordleg forstad til Dublin, Irland. Det er vanleg å rekna med at det engelskspråklege namnet kjem frå norrønt hǫfuð (hovud), noko som og er sannsynleggjort av at vikingane gjekk i land og etablerte seg i dette området. Dersom ein ser på eit lokalt kart [1] vil ein og sjå at den halvøya som landsbyen ligg på stikk ut i irskesjøen og kan tolkast som eit hovud med andletet vendt mot Storbritannia.

Distriktet Howth utgjer størstedelen av halvøya Howth Head, og er den nordlege avgrensinga av Dublin-bukta. Historisk har Howth vore ein landleg fiskarlandsby, men har vorte forma om til ein relativt velståande forstad, med butikkar, kioskar, pubar, restaurantar, golfbanar og ein av dei to nordlege endehaldeplassane for Dublin Area Rapid Transit (DART). Den andre nordlege endehaldeplassen er Malahide. Dette lokaltogsystemet bind saman kysten sør og nord for Dublin sentrum.Like utanfor landsbyen ligg og eit av dei eldste bygga i Irland som framleis er i bruk, Howth Castle.

Plassering og kommunikasjonar[endre | endre wikiteksten]

Howth stasjon, Dublin Area Rapid Transport.

Halvøya Howth Head "startar" 13 kilometer aust-nord-aust for Dublin sentrum, på nordsida av Dublinbukta, og landbyen Howth ligg 15 kilometer frå sentrum. Sjølv om Howth er å rekna som ein forstad til Dublin ligg det i grevskapet Fingal, som kjem av irsk Fine Gall, "framand stamme". Ytst på halvøya, er landsbyen Howth endepunktet regionalveg 105 (R105), men det går veg rundt halvøya.

Ein kjem seg frå Dublin sentrum til Howth med lokaltog (Dublin Area Rapid Transport) eller med buss. Dersom ein er i sentrum og på sørsida av elva Liffey kan ein ta lokaltoget frå Pearse Station. Er ein i sentrum på nordsida av elva, tek ein lokaltoget frå Connolly Station. På vegen har toget haldeplassen Clontarf Road, nær staden slaget ved Clontarf stod påska 1014. Dette var slaget som markerte starten på slutten for vikingstyre i Irland. Ein kan og ta ulike variantar av bussrute 31 til Howth frå ein haldeplass ikkje langt unna Connolly station.

Howth er ei stor fiskarhamn, og har fleire gode fiskerestaurantar. Like nord for landbyen ligg deN folketome øya Ireland's Eye og Lambey Island (direkte omsett Lamøy-øya). På den siste finst ei kystvakthamn, nokre bygg og ein tennisbane.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Etter av Brian Ború vann slaget ved Clontarf i 1014, flykta vikingane til Howth for å omgruppera seg og hadde tilhald der til dei leid nederlag og normannarane overtok i 1177. Howth var eit baroni frå 1181, og vart seinare eit jarledøme. Frå 1500-talet, om ikkje noko tidlegare, var Howth ei mindre handelshamn. Frå tidleg 1800-tal var Howth hamn for postskip, posthamna vart seinare flytta til Dún Laoghaire, sør for Dublin.

Under fyrste verdskrigen, 26. juli 1914 vart 1500 Mauser M1871-riflar smugla i land av Erskine Childers og hans folk, frå båten Asgard, oppkalla etter den store gudeborga Åsgard i norrøn mytologi. Våpna var til bruk for Irish Volunteers, og mange av dei vart nytta i påskeopprøret i 1916 (Dublin) og i den påfylgjande anglo-irske frigjeringskrigen (1919-1921).[2]

Hamna vart mykje ombygd mot slutten av 1900-talet, med åtskilde område for fiskebåtar og fritidsbåtar. Howth Castle vart selt i 2019.

Turisme og friluftsliv[endre | endre wikiteksten]

Både landsbyen og halvøya Howth er populære mål for turisme og friluftsliv. Det er populært både blant turistar og fastbuande å gå turar på piren og langs pub- og restaurantrekkjene på godversdagar. Fiskerestaurantane er særleg populære, og området er populært for turgåarar, joggarar, syklistar, fuglekikkarar og fiskarar.

Kjende innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Ei rad kjende personar er fødde eller har budd i Howth og på Howth-halvøya.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kart over området frå Google maps . Henta 18. august 2019.
  2. Guy De la Bédoyere m.fl. (red.); Irish History. An illustrated A-Z. London, Flame Tree Publishing 2015, s. 114f. ISBN 978-1-78361-620-6